Hopp til innhold

Kva gjer landets meste leste her?

Neste veke kjem Norges kanskje mest omtalte forfattar til bokbad i Jølster. Men visste du at Karl Ove Knausgård har slektsrøter i kommunen?

Solveig Berg Lofsnes

HER ER HAN: I ein kollasj på Eikåsgalleriet har Karl Ove Knausgård funne sin plass saman med ei rekkje andre jølstringar. Solveig Berg Lofsnes peikar ut forfattaren.

Foto: Anna Gytri / NRK

Som einaste plass i landet så langt i år, får vesle Jølster besøk av Karl Ove Knausgård i neste veke.

Forfattaren har gjort stor suksess med det sjølvbiografiske verket «Min Kamp»- men det er det slett ikkje alle jølstringar som har fått med seg:

Då NRK vitja Ålhus for å lodde stemninga framfor besøket, var mange ikkje klar over kven Knausgård er - eller at han skal vitje staden.

- Er vel ein vanleg person

- Eg har høyrt om han, men veit ikkje meir enn det eg har lese i avisene, seier Inger Johanne Ålhus.

Ho legg til:

- Han er vel ein vanleg person, sjølv om han har skrive både eitt og hit.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kollasj på Eikåsgalleriet

UNGE PÅ ARMEN: Karl Ove Knausgård blant jølstringar i kollasjen.

Foto: Anna Gytri / NRK

- Har gjort eit kjempekupp

Karl Ove Knausgård har vunne litteraturprisar for bøkene sine, og kjem til Jølster for å delta på bokbad på Eikåsgalleriet neste torsdag.

Bokserien «Min Kamp» har vore mykje omtala, og mange vil ha ein bit av den kjende forfattaren.

- Eg synest vi har gjort eit kjempekupp. Vi er særs heldige som har fått Knausgård hit, seier leiar Hilde Yndestad Halland i Jølster Mållag.

Heng på veggen i galleriet

Knausgård har slektsrøter i Jølster, og mor hans bur framleis i bygda.

På ein av veggane på Eikaasgalleriet, der Knausgård skal delta på litteraturkveld, heng det ein kollasj med bilete av mange av innbyggjarane i Jølster.

Karl Ove Knausgård

POPULÆR: Karl Ove Knausgård

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Her har også Karl Ove Knausgård fått plass.

- Han står der med ein liten unge på armen, og mora hans står der med Jølstravatnet i bakgrunnen, peikar avdelingsleiar Solveig Berg Lofsnes ved Eikåsgalleriet.

- Mora hans er nabo til galleriet her, elles kjenner eg ikkje noko særleg til han, seier Lofsnes.

- På linje med Maradona...

Like over vegen for Eikåsgalleriet driv Anne Lise Øvrebø gullsmedbutikk.

Ho meiner det er stort for trauste jølstringar å få besøk av den kjende forfattaren.

- Alle veit kven Knausgård er. Han blir snakka om på linje med Maradona og kven det no skulle vere, så det er veldig stas at han vel Jølster framfor mange andre stader, seier Øvrebø.

- Eg er veldig spent på korleis publikum tek imot han, og korleis han er. Eg håpar han fortel om seg sjølv, les litt og opnar for spørsmål frå publikum, seier Yndestad Halland i mållaget.