Hopp til innhold

Fleire abonnentar utan straum

Brannmannskap rykte torsdag ettermiddag ut til eit branntillaup i ein transformator ved Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster.

Brannalarmsentralen fekk melding om brannen klokka 16.20. Det et truleg lynnedslag som har forårsaka brannen.

Transformatoren står i nærleiken av Eikaasgalleriet. Brannalarmsentralen seier brannen slokna av seg sjølv då brannmannskapet slo av straumen.

Sunnfjord Energi opplyser også at Vadheim - Kyrkjebø har vore utan straum ein kortare periode. Feilen er no retta. I Naustdal har eit lynnedslag slått ut straumen til nokre abonnentar. Det same gjeld strekka Norevik - Torvund og på Ålhus.

Det er uvisst kor mange abonnentar som er råka.

- Så lenge det er lyn og torden blir det ikkje gjort noko for å rette på feilen, får NRK opplyst ved Sunnfjord Energi sin vakttelefon.

Sogn og Fjordane Energi melder om få problem som følgje av lynnedslag. Nedslag har råka transformatorar i Florø og Eid, men feila er i ferd med å bli retta.

Ifølgje statsmeteorolog Mariann Foss er det fare for lyn og torden utover kvelden.

- Det er ganske uroleg ver med skiftende skydekke og regnbyger. Det er utrygt for torden utover kvelden i dag, seier ho og lovar at iallefall første halvdel av fredagen skal bli langt betre med periodar med sol - før det igjen kjem inn eit lågtrykk med skye og regn.