Hopp til innhold

Neste veke skal nesten alle ha fått att mobildekninga

Mellombelse løysingar skal få dei som no har vore over tre veker utan mobildekning, på nett att.

Amundsen og telefon

LEGG SEG FLAT: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, tek sjølvkritikk for at det har teke så lang tid å få på plass att mobildekning i fylket.

Foto: Montasje / NRK

Framleis er innbyggjarane i Davik og på Bakka utan mobildekning, tre veker etter at stormen «Dagmar» herja Sogn og Fjordane.

På det verste var 40.000 abonnentar i fylket utan mobildekning, og einskilde stader har det teke svært lang tid å få på plass att mobilnettet.

Forstår frustrasjonen blant folk

– Status er at eg kan stadfeste at vi har hatt ei mast som Nor Kring eig, som har rasa i hop i dette området. Tida fram til onsdag i førre veke vart nytta til å rydde skog og området rundt. No tek vi til med å byggje den nye masta, men dette vil ta ytterlegare tre veker, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Han uttrykkjer stor forståing for dei som endå ikkje har fått att mobildekninga si i Sogn og Fjordane.

– Eg skal vere den første til å innrømme at eg forstår at folk er frustrerte over at mobilnettet har vore ute i tre veker, og iallfall over at mobilnettet kanskje vert ute i tre veker til, seier Amundsen.

Video Fortsatt mange utan telefon etter orkan

Fortsatt mange utan telefon etter orkan

Tek sjølvkritikk

I mellomtida vurderer Telenor andre tiltak for å lette kvardagen for innbyggjarane på Davik.

– Vi har vedteke at vi på måndag kjem til å sjå på korleis vi kan løyse dette mellombels. Då kjem vi til å gjere alt vi kan for at iallfall tettstaden Davik skal komme opp på lufta med mobil i løpet av neste veke, seier Amundsen.

Han tek sjølvkritikk på at det ikkje har vore gjort meir tidlegare.

– Det er mogleg vi burde ha komme med ei mellombels løysing før, det tek eg sjølvkritikk på, seier Amundsen.

Berre Bakka att

Når Davik er oppe og går med mobilnett, er det berre innbyggjarane på Bakka i Nærøyfjorden som framleis manglar mobilsamband.

– Der har ein trengt eit kabelskip for å kunne reparere skadane etter Dagmar, og eg trur dei skal klart å reparere det tidleg neste veke. Då er vi endeleg à jour etter skadane etter Dagmar i Sogn og Fjordane, seier Amundsen.