Hopp til innhold

Framleis mange utan mobilsamband

Åtte dagar etter at uvêret råka Vestlandet er framleis tre-fire av basestasjonane til Telenor i Sogn og Fjordane ute av drift.

Mobiltelefon

UTAN DEKNING: Åtte dagar etter at uveret råka oss er framleis 420 i Sogn og Fjordane utan mobilsamband.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I tillegg er fleire fasttelefonabonnentar framleis utan summetone.

Bjørn Amundsen

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Foto: Telenor

Gjer det dei kan

Talet på basestasjonar som er ute av drift har krympa dag for dag, og dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor forsikrar at dei gjer det dei kan for å rette feila.

Margun Ervik, som bur på Haus i Eid kommune, er mellom dei som framleis er utan fasttelefon, og ho synest åtte dagar er i meste laget.

– Gamle Televerket var betre

– Eg synest det er veldig dårleg. Eg er så samd med Harald Steiro, som uttalte seg til Firda. Det gamle Televerket hadde betre beredskap. Eg hugsar at dei reiste rundt med berbare aggregat og lada opp att batteria når noko fall ut.

– Når dei no har batterikapasitet for berre to til fire timar så er det heilt forferdeleg dårleg. Eg er kritisk til Telenor når dei skuldar på andre.

– Dårleg informasjon

Margun Ervik har heller ikkje mykje til overs for det ho blir møtt med når ho ringer Telenor for å klage på manglande dekning.

– For det første er det vanskeleg å få i tale nokon som kan svare. Når vi ber om ein kundehandsamar så spelar dei "Nå tenner vi våre lykter". Ja, det har vi gjort lenge. Dei burde ha gått ut og informert om kva område som er ute og når dei reknar med å få retta feila.

– Men no snakkar du med oss på mobiltelefon. Er ikkje det godt nok?

– Jau, når du har skikkeleg dekning, men også på mobilnettet dett vi stadig vekk ut. Eg meiner Telenor har gått fleire steg tilbake når det går så lang tid før dei får retta feila sine.