Hopp til innhold

Mobil- og fastnettsambandet tilbake

Mobil- og fastnettsambandet i Lærdal er no i all hovudsak oppe.

SE VIDEO: Her er alt som er igjen av Telenors bygg i Lærdal etter brannen.

– I arbeidet med å kople opp fastnettet er liv og helse prioritert. Det betyr at sjukehuset i Lærdal, Lærdal kommune og Statens vegvesen no er oppe på fastnett telefoni og breiband. Det seier Bjørn Amundsen som er dekningsdirektør i Telenor.

Telenor sin hovudsentral var eit av bygga som gjekk med storbrannen i Lærdal natt til sundag. Det førde til at 10 basestasjonar for mobilnettet fall ut, og 454 abonnentar miste fasttelefonen. Sjølv om det meste no er oppe igjen er framleis tre basestasjonar ute og noko telefoni på Fodnes og breiband på Ljøsne.

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen

MOBIL- OG FASTNETTSAMBANDET I LÆRDAL I HOVUDSAK TILBAKE: Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor

Foto: Kjell Are Guttorm / NRK

– Telenor prioriterer å få opp resterande samband utover kvelden, seier Amundsen. Men han torer ikkje å love at alle skal fått tilbake sambandet før etter helga.

Montørane har jobba døgeret rund den siste veka, og treng kvile.

– Er det kundar i Lærdal, Aurland, Flåm og Gudvangen som framleis manglar tenester måndag, må dei ta kontakt med Telenor.