Hopp til innhold

Misnøye i Venstre: – Byråkratane hindrar utflytting av arbeidsplassar

Venstre-ordførar i Eid meiner manglande politisk styring over byråkratiet fører til sentralisering av statlege etatar. No får han støtte frå andre Venstre-ordførarar.

Alfred Bjørlo, Venstre i fylkestinget

FÅR STØTTE: Eid-ordførar Alfred Bjørlo får støtte frå fleire Venstre-ordførarar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I ein fersk kronikk tek Venstre-ordførar i Eid Alfred Bjørlo eit kraftig oppgjer med sentraliseringa av statlege etatar. Bjørlo er kritisk til eiga regjering som han meiner ikkje gjer nok for å utnytte teknologien og flytte statlege arbeidsplassar ut frå dei største byane. Kronikken får mykje får støtte blant Venstre-ordførarar NRK har snakka med.

Eivind Brenna, Oppland Vestre

FINST VILJE: - Det er ein vilje hos Venstre-folk sentralt til å gjere noko med dette. Men dei har vore for handlingslamma førebels. Men det var ikkje betre då Ap og Sp sat med makta, seier Eivind Brenna i Vestre Slidre. Vi har ikkje greidd å finne formelen på korleis ein skal ta politisk styring over desse prosessane i forhold til byråkratiet.

Foto: Ole Martin Sponberg

– Eg kjenner meg veldig igjen. Systema er i ferd med å ta frå oss arbeidsplassane ute i distrikta, seier Eivind Brenna, Venstre-ordførar i Vestre Slidre i Oppland.

– Ein overlèt til byråkratiet å sjølv organisere seg, og då blir desse stillingane sentraliserte.

– Har for mykje makt

Venstre-ordførar i Fjaler Gunnhild Berge Stang meiner embetsverket fort legg premissane – uavhengig av korleis politikarane prøver å ta grep. Ho nemner politireforma som eit døme.

Gunhild Berge Stang

LEGG PREMISSAR: – Embetsverket legg fort premissane – uavhengig av korleis politikarane prøver å ta grep, seier Gunnhild Berge Stang i Fjaler.

Foto: Josef Tveit / NRK

– Eg meiner embetsverket og byråkratiet har for stor makt. Derfor har eg vore oppteken av regionreform og spreiing av oppgåver, og med det makt, seier ho.

Olav Kasland, Venstre-ordførar i Bø, synest Bjørlo har mange gode poeng.

– Han har nok heilt rett i at byråkratiet eller etatane er litt mykje på sjølvstyr og gjer sine vurderingar. Ofte er dei vurderingane, rasjonaliseringa og organiseringa, av sentraliserande effekt.

Olav Kasland

MÅ FORSVARE: Venstre i posisjon, må forsvare regjeringa sin politikk. Eg er ikkje sikker på kva som er regjeringa sin politikk og kva som er byråkrati på avvegar. Det eg støttar i kritikken er at det å vere unnfallen gjer at byråkratar for styre på som dei vil, som har sentralisertande effekt, seier Kasland.

Foto: Roald Marker / NRK

Kjenner seg att

Ingebjørg Winjum, Venstre-ordførar i Granvin, gir Bjørlo rett i at etatane har lite kontakt med lokalsamfunnet.

– Då blir det gjerne til at dei finn ut korleis det skal gjerast. Og då endar det ofte med ei sentralisering som kanskje ikkje er nødvendig. Det er jo slik at vitet stort sett er likt fordelt i landet, seier Winjum.

Ordfører Ingebjørg Winjum

LITE PARTI: – Venstre eit lite parti, så reformene har gjerne ikkje vorte akkurat slik Venstre ønskte, seier Granvin-ordførar Ingebjørg Winjum. – Venstre sit i ei regjering der dei andre partia kanskje ikkje er så kjende for å ha så veldig omtanke for distrikta.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Greier ikkje sjå heilskapen

I kronikken sparer Bjørlo heller ikkje sitt eige parti og regjering.

– Vi driv god politikk på mange område. Men det verkar på meg som Venstre, som andre reformpositive parti på nasjonalt nivå, ikkje greier å sjå heilskapen i det som skjer, seier Bjørlo til NRK.

Berge Stang vedgår at Venstre gjerne skulle lukkast betre.

– Vi fekk eit innblikk i kor krevjande dette er då vi heldt på med utflyttinga av statlege arbeidsplassar. Når embetsverket skal gjere sin del av jobben, så er det ein tendens at resultatet blir mindre ambisiøst enn først tenkt.

– Eid har kome godt ut

Sentralstyremedlem og statssekretær Sveinung Rotevatn, er ikkje heilt samd med Bjørlo.

– Eg er ikkje einig i verken at det er ei reform, bølge eller takras. Det er prosessar som er kontrollerte, og som vil gi betre tilbod til innbyggarane.

– No skjer det reformer innan politiet, NAV og Skatteetaten. I dei reformene har Eid kommune utan unntak kome godt ut og behalde arbeidsplassar, og fått ein viktig funksjon, seier Rotevatn.