Vikjen henta heim ei bronsemedalje i elektrikarfaget. Same valør vart det på billakkerar Fredrik Røed Meek, medan Øyvind Bøe Dalelv gjekk heilt til topps i kokkefaget.
- LES OGSÅ:
– Dei har gjort ein fantastisk innsats og eg er stolt på deira og Norge sine vegne over medaljane, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Inspirerande
Ministeren var sjølv i London og såg dei nordmennene kjempe om heider og ære. Norge vart til slutt nummer sju av 19 land i Europa og vart med det best av dei nordiske landa.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Samanlagt vart Norge nummer 16 av 51 deltakande land i verdsmeisterskapen. Dette er Norge si beste plassering nokosinne. Halvorsen meiner dei gode resultata er til stor inspirasjon.
– Når dei norske deltakarane viser at vi er i verdstoppen på fleire område, og samla også har svært gode resultat, aukar stoltheita for praktisk arbeid, seier ho.