Hopp til innhold

Mindre til rassikring av vegar

Regjeringa har sett av 1,259 milliardar kroner til rassikring av riks- og fylkesvegar. – Ein skuffande reduksjon, konstaterer fylkesordførar Åshild Kjelsnes,

Ras Hyen

MINDRE TIL RASSIKRING: Løyvingane til rassikring av vegar har gått ned med ein halv milliard kroner sidan 2014.

Foto: Statens vegvesen

I framlegget til statsbudsjett er det løyvd 633 millionar kroner til rassikring av riksvegar og 596 millionar til fylkesvegar i heile landet. Men den samla summen er om lag ein halv milliard kroner mindre enn det som vart løyvt i 2014.

– Eg må vedgå at der er eg skuffa, seier Kjelsnes, som i mange år har arbeidd for rassikring av vegar, og som er leiar i Nasjonal rassikringsgruppe.

– Det er berre 64 prosent oppfyllingsgrad på fylkesvegane etter tre år, og 73 prosent på riksvegane. Skal vi klare å fylle opp det som Nasjonal Transportplan (NTP) legg opp til, så må dei til med ei veldig stor løyving for 2017.

Åshild Kjelsnes

– SKUFFANDE: Leiar Åshild Kjelsnes i Nasjonal rassikringsgruppe hadde håpa på meir til rassikring av vegar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ho har merka seg at regjeringa stadig snakkar om at dei overoppfyller NTP.

– Det ser ikkje ut til å vere tilfelle når det gjeld rassikring.

– Målet lengre unna

Ho veit enno ikkje kor mykje av rassikringspotten som skal brukast i Sogn og Fjordane.

– Men det er sannsynleg at vi vil merke reduksjonen også her, sjølv om Sogn og Fjordane er eitt av dei mest rasutsette fylka. Det er veldokumenterte behov. I 2014 var vi faktisk i nærleiken av den løyvinga som trengst for å kunne rassikre vegnettet fram til 2030. No er det målet lengre unna.

Marta Finden Halset, ordførar i Vik

VONBROT: Ordførar Marta Finden Halset i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ikkje rassikring av Vik-Vangsnes i 2016

Mellom veganlegga som ikkje får pengar til rassikring er riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes. Det er eit vonbrot for avtroppande ordførar Marta Finden Halset i Vik.

– Eg hadde venta midlar til anleggsstart på Vik-Vangsnes, så dette var skuffande.

Men avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier dei uansett ikkje hadde planar om å starte arbeidet på Vik-Vangsens før i 2017.

– Vi gjer ein del førebuande arbeid i 2016, og det går sin gang.

– Fylkeskommunen bremsekloss

Leiar Morten Midlang i Vik Høgre skriv i ei pressemelding at rassikringa mellom Vik og Vangsnes og Vikafjellstunnelen bør byggjast samstundes.

«All steinmasse frå den planlagde Goteviktunnelen mellom Vik og Vangsnes vil Statens vegvesen bruke som topplag på vegen gjennom Vikafjellet. Alle ser då føremonene med at desse to prosjekta må byggast samtidig», skriv Vik Høgre.

Vik Høgre meiner den største bremseklossen for døgnopen og sikker veg både sørover og nordover for Vik er at fylkeskommunen ikkje har avgjort om dei vil vere med på å byggje tverrslag til Vikafjellsvegen mot Framfjorden.