Hopp til innhold

Statens vegvesen har starta planlegging av åtte km lang tunnel langs Kjøsnesfjorden

Ein gong i framtida kan heile vegstrekninga langs Kjøsnesfjorden i Jølster vere i tunnel.

Rv 5 langs Kjøsnesfjorden

BLIR ERSTATTA AV TUNNEL: Denne vegstrekninga skal i framtida bli erstatta av ein åtte kilometer lang tunnel.

Foto: Statens vegvesen

No varslar Statens vegvesen start av reguleringsplanarbeidet for forlenging av Støylsnestunnelen på riksveg 5 mellom Skei og Sogndal. Og vegvesenet meiner at det i så fall må skje med at heile strekninga frå Kjøsnes til Støylsnestunnelen blir lagd i tunnel.

Ragnvald Søgnesand

JUBLAR: Ragnvald Søgnesand gler seg over planane om lang tunnel.

Foto: privat

Dette er Ragnvald Søgnesand svært glad for. Saman med familien bur han på Søgnesand på andre sida av Kjøsnesfjorden, og dei brukar vegen dagleg.

– Heilt fantastisk

– Det er heilt fantastisk. Det er den beste nyheiten eg har høyrt på veldig lang tid. Dersom detteblir ein realitet er det eit utruleg framsteg med tanke på sikring av vegen langs Kjøsnesfjorden.

Planprosjektleiar Bente Øyre i Statens vegvesen seier at dei har starta planarbeidet fordi rassikring av riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden er omtalt i Nasjonal Transportplan 2014-2023, der det står at vegen ska få startløyving i den siste delen av perioden.

– Vi har valt å planlegge med tanke på ein lang tunnel mellom Kjøsnes og Støylsnestunnelen for å få ei fullgod løysing.

Det har vore vurdert ein kortare tunnel på fem kilometer mellom Kjøsnes og Kattasva, men grunnundersøkingar og anleggstekniske vurderingar gjer at vegvesenet har lagt vekk dette alternativet.

Det har i fleire omgangar vorte investert i rassikring langs Kjøsnesfjorden, sist med den vel 2,6 kilometer langt Støylsnestunnelen, som vart opna av Kong Harald i 2009.

Kong Harald opnar Støylsnestunnelen i Kjøsnesfjorden

OPNING I 2009: Kong Harald opna Støylsnestunnelen i 2009, flankert av vegdirektør Terje Moe Gustavsen og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Framleis rasfare

Då arbeidet med den tunnelen starta var det svigerfaren til Rangvald Søgnesand, Ola Søgnesand, som fekk æra av å fyre av den første salva. Han var i mange år pådrivar for rassikring av vegen langs Kjøsnesfjorden.

Støylnestunnelen eliminerte rasfaren på ein del av vegstrekninga, men framleis er det att stader der det går ras, seier Rangvald Søgnesand.

– Der vegen går i dagen er det framleis rasfarleg, og det går ras, det har vi sett også dei seinare åra når det er «rette» vêret. Skal du ha det 100 prosent sikkert så er det berre tunnel som er hjelp i.

Vanskeleg å utbetre vegen

Men framleis er det rasfarlege strekningar, og i tillegg er det dårleg kurvatur på vegen, og dårlege botntilhøve gjer at det er vanskeleg å utbetre vegen med å fylle ut i vatnet.

Difor er det no planar om lang tunnel langs heile Kjøsnesfjorden. Minuset vil vere at bilistane går glipp av utsynet mot Søgnesand på andre sida av fjorden. Det meiner Ragnvald Søgnesand at folk måkunne leve med.

– Det er ei naturperle her. Men eg trur vi må prioritere tryggleik framfor utsyn. Så får dei heller stanse i Lundebotnen på utkøyringa der og sjå utover Kjøsnesfjorden.