Hopp til innhold

Min-Sung fekk arbeidssjokk i Noreg

SOGNDAL (NRK): Når du kjem frå Sør-Korea og er vant med 68 timars arbeidsveke, kan mai månad, med alle sine fridagar, bli ein overgang. Det har nytilsette Min-Sung Hong ved Vestlandsforsking i Sogndal fått erfare.

Min-Sung Hong

MYKJE TID: Meir tid til kvile kan få fleire positive følgjer, meiner den nye tilflyttaren. – Tid til å tenkje gjer godt for livet! Eg har spurt meg sjølv: kven er eg, seier Min-Sung Hong.

Foto: Kaia Viki / NRK

Med rykande fersk doktorgrad i bagasjen flytta Hong til Sogndal frå Seoul i Sør-Korea, eitt av dei mest folkerike områda i verda.

Jobben viktigast

Min-Sung Hong

FORSKAR: Min-Sung Hong, her saman med kollega Anna Maria Urbaniak Brekke, jobbar som forskar ved Vestlandsforsking i Sogndal.

Foto: Kaia Viki / NRK

– Då eg høyrde at eg skulle jobbe sju timar om dagen vart eg overraska. Kva skal eg bruke resten av tida til? Dessutan treng eg meir tid for å gjere ein god jobb. Korleis får dei andre gjort noko på prosjekta sine når dei jobbar så lite?

Det heile var vanskeleg å førestelle seg.

Frå heimlandet er han vant med 68 timers arbeidsveke. No er kvardagen ganske annleis.

– I Korea er jobben noko av det viktigaste i livet, men her i Noreg har eg inntrykk av at folk jobbar for å kunne leve eit liv ved sida av jobben. At jobben er ei hjelp til å nyte livet.

Trengde gode råd

Hong er komen til Noreg for å jobbe som forskar. I eit internasjonalt arbeidsmiljø er det gode råd å få når ein er heilt ny i landet.

Anna Maria Orban Brekke

KOLLEGA: Anna Maria Urbaniak Brekke har gjeve Min-Sung Hong gode råd til korleis han kan takle dei mange fridagane i mai.

Foto: Kaia Viki / NRK

– Vi prøvde å vere flinke til å fortelje at i Noreg er 1. mai og 17. mai fridagar og det inneber at alt er stengt, så du må kanskje handle dagen før, seier kollega Anna Maria Urbaniak Brekke.

Etter jobbintervjuet ville Hong lære meir om Sogndal. Han tråla internett og vart slått av kor vakkert den nye heimstaden hans såg ut. Etter ein kikk på kartet forstod den unge forskaren at Sogndal var ein liten stad, og han er overtydd om at det ville vere bra for han.

– Som forskar treng eg rolege og stille omgjevnader. Personleg er eg uansett ikkje så glad i store folkemengder og mykje støy, så Sogndal er flott!

Også den norske helsekulturen har Hong merka seg:

– I Sør-Korea helsar vi ikkje på folk vi ikkje kjenner. Eg likar at de gjer det her. Det er så venleg.

Vil ut i naturen

Med meir fritid følgjer nye fritidsaktivitetar. Hong vil nytte høvet til å lage meir koreansk mat, sjå film, lære meir norsk og engelsk, og ikkje minst ha godt med tid til å snakke med familie og vener.

– Meir fritid gjev meg meir tid til å tenkje på meg sjølv.

Den første tida vil han og bruke ein del fritid på forskingsprosjekta og oppdatere seg på feltet han skal forske på. Første fridagen i mai brukte han til ein sykkeltur ned til fjorden. Det vil han gjere meir av. Han er sikker på at han vil verdsetje fritida som følgjer med jobben i Noreg.

– Eg har eit mål om å kome meg meir ut. Det grøne landskapet er avslappande. Det er jo lyst til langt på kveld!