Hopp til innhold

Millionar i bu- og reisestøtte til studentar

Nok praksisplassar er den største flaskehalsen for å få utdanna nok helsepersonell. Difor deler regjeringa ut pengar til å dekka utgifter til bustad og reise for helse- og sosialfagstudentar som skal ha praksis langt unna campus, skriv dei i ei pressemelding.

– Dette er vinn-vinn for alle. Om lag 3500 studentar får støtte til ein praksisplass og mange distriktskommunar kan for første gang tilby praksisplassar. Me veit at studentar som har vore i praksis i ein kommune, ofte tar jobb der etterpå også, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).

Høgskulen på Vestlandet er ein av institusjonane som får mest pengar, over 8 millionar kroner. Universitetet i Bergen får rundt 550 000 kroner. Totalt blir det delt ut 52 millionar kroner.

Høgskulen på Vestlandet
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK