Hopp til innhold

Mildt og tørt i desember – inga kvit jul i sikte

Skiføre og snøleik let vente på seg. No får store delar av landet heller mildt og tørt vêr.

Ingen hvit jul i Nittedal i 2015.

GRØN JUL: 23. desember 2015 stod denne oppblåsbare nissen og skapte julestemning ved eit juletreutsal i Nittedal i Akershus. Heller ikkje i år er det snø i sikte.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Vi driv og leitar etter snøen men det er ikkje noko teikn til at den skal komme. Slik det ser ut no må ein godt opp i fjellet eller inn i dalane for å få ei kvit jul, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Laster Twitter-innhold

Trass i at det ikkje er uvanleg med varme periodar om hausten og fram mot jul har det så langt denne veka vore unormalt varmt.

– Inn mot helga skal temperaturane bli meir normale for årstida. I helga vil det vere frost mange stader særleg om natta. Vi kan også vente frost i ytre strøk på nattetid, seier meteorologen.

Og våtast blir det ikkje i vest.

– No er det Vestlandet, Nord-Norge og Midt-Noreg som får tørt vêr, medan det blir vått austanfjells. Som oftast er det motsett, seier Fagerlid.

Trist julevær

GRÅTT: Det blir truleg meir grått enn kvitt vêr denne jula.

Foto: Martin Mortensen / NRK

Uroa over endringane

Globalt har vi registrert at november har vore den varmaste nokon gong og vi går inn i ein trend kor det stadig blir varmare, ifølgje meteorologen.

Det bekymrar Carlo Aall som er leiar for Norsk senter for berekraftig klimatilpassing.

– At vi ikkje får snø til jul er jo sjølvsagt trist, men det er dei langsiktige konsekvensane for natur og samfunn som bekymrar oss, seier han, og viser til erfaringar frå eigen kvardag:

– Førre helg var eg på ein fin pudder-topptur i Sogndal. Då vi kom ned gjekk eg i hagen og plukka frisk ruccolasalat som eg serverte til pizza. Det er ein rar kombinasjon som ein elles kanskje har seint om våren, men absolutt ikkje i desember.

Carlo Aall

UROA: Carlo Aall leiar Norsk senter for berekraftig klimatilpassing.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Han meiner dette på sikt har negativ effekt på mellom anna økosystemet.

– Noreg er jo eit vinterland, og når denne vinteren oftare blir slått av og på, og kanskje startar seinare på året, så veit vi rett og slett ikkje kva som blir effekten, seier han.

Meir varme i vente

Dei låge temperaturane som er venta i helga er kortvarige.

– Neste veke skal det bli ganske så mildt for årstida. Mykje mildare enn denne veka, seier Fagerlid.

Og sjølv om ein ikkje kan spå heilt fram til jul endå, blir den truleg alt anna enn kvit.

Geir Ottar Fagerlid

– IKKJE TEIKN: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier det ikkje ser ut til å bli ei kvit jul.

Foto: Meteorologisk Institutt

– Vi forventar at det milde været kan fortsette heilt fram til rundt 20. desember. Det ligg an til at det framleis blir tørt på Vestlandet, i Midt-Noreg og i Nord-Noreg og vått austanfjells. Det er ikkje snø i sikte før 20. desember i alle fall, fortel meteorologen.

Ei trøyst kan vere at det ikkje ser særleg mykje betre ut for andre.

– Dette gjeld eigentleg heile Europa. Vi har signal om at det skal vere mildt i større landområde i Europa neste veke, seier Fagerlid.