Hopp til innhold

Meyers København-reise kan bryte med korrupsjonsreglane i Bergen

Byrådsleiar Christine Meyer (H) forklarte seg i dag for kontrollutvalet i Bergen kommune, om den omstridde København-turen i desember.

Høgre arrangerte turen, men reisa vart først betalt av kommunen, før Høgre overtok rekninga etter kritikk frå opposisjonen i bystyret.

Striden handlar om korvidt Meyer tok reisa som byrådsleiar eller Høgre-medlem, noko ho tidlegare har gitt ulike svar på.

I kontrollutvalet svarte ho at erfaringane frå turen vil inngå i byrådet si saksførebuing av tiltak mot ungdomskriminalitet, skriv BA.

I så fall er det i strid med Bergen sitt etiske regelverk mot korrupsjon at Høgre betalte reisa, fordi kommunen skal dekka alle reiseutgifter som er relevante for arbeidet til byrådet, skriv avisa.

Leiar Per-Arne Hvidsten Larsen (V) i kontrollutvalet meiner forklaringa som Meyer gav i dag, etterlet nye spørsmål og større usikkerheit om saka og Meyers rolle på reisa.

Pressesjefen hennar, Rune Indrøy, skriv til NRK at byrådsleiaren har ingen kommentarar utover det ho svarte på alle spørsmåla som vart stilt i møtet.

Christine Meyer, byrådsleder (H) i Bergen
Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK