Hopp til innhold

Menn samarbeider om mishandling

Utenlandske kvinner gift med norske menn her i fylket opplever å bli mishandla av overgriperar som kjenner lovverket ut og inn.

Vold

Illustrasjonsfoto

Foto: NRK

Enkelte av mishandlarane har gifta seg oppatt fleire gonger.

Menn samarbeider

Politiet kjenner også til samarbeid mellom overgriparar.

- Eg kjenner konkret til i alle fall ei sak, der menn har rådført seg med andre med same erfaring og fått råd om korleis dei skal gå fram for å tvinge kvinner til å bli i ekteskapet, seier familievaldskoordinator i politiet, Espen Gulliksen.

UDI grip ikkje inn

445 utanlandske kvinner gift med norske menn, oppsøkte i 2006 krisesentra. Fire av ti som i fjor kom til krisesenteret i Florø, var utanlandske kvinner som hadde rømde frå norske ektemenn.

Utlendingsdirektoratet vert varsla av politiet om menn som planlegg nye ekteskap med utanlandske kvinner, men går likevel ikkje inn og stoppar ekteskapet. Assisterande avdelingsdirektør i UDI Christine Wilberg Poulsson vil ikkje ta kritikk. Ho seier alle avgjerdene vert fatta etter ei heilskapsvurdering i kvar enkelt sak.

- Vi har fleire saker der vi har vurdert bestemmelsen og har også avslått familieinnvandring i nokre av desse sakene, seier ho.

- Gjer ingenting

På Krisesenteret i Florø seier dagleg leiar Kari Witzøe at mange kvinner veit lite om rettane sine samanlikna med mennene.

- Vi har teke i mot kvinner som har vore gift med same mann. Det finnst reglar som kan hindre dei i å gifte seg fleire ganger med utanlandske kvinner. Veldig ofte går det bra, men så er det nokre som utnytter situasjonen og mishandler kvinnene, seier ho.