Melder kommune til politiet for brot på kulturminnelova

Sogn og Fjordane fylkeskommune har meldt Lærdal kommune til politiet etter at kommunen har grave i eit område med over 1000 år gamle kulturminne. – Det har skjedd ein glipp, og det har vi vedgått, seier ordførar.

ANLEGG: I dette området på Håbakken i Lærdal har kommunen grave i eit område med over 1000 år gamle kulturminne. Arbeidet skjedde i samband med utbetring av eit vatn- og avløpsanlegg.

For halvanna veke sidan melde NRK at Lærdal kommune hadde grave i eit freda kulturminne, utan at dei hadde søkt dei rette instansane om lov. Kulturavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune vart heller aldri varsla.

Fylkeskonservator Eva Moberg sa då at dei ville sjå nærare på skadeomfanget. I dag seier ho til NRK at dei meiner Lærdal kommune har brote fleire paragrafar i kulturminnelova, og at dei difor melder kommunen til politiet.

Moberg vil ikkje kommentere saka utover det. NRK har også vore i kontakt med fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Heller ikkje han vil kommentere saka, då den no har blitt politisak.

Det blir no opp til politiet om det blir sett i verk etterforsking av det som har skjedd.

Gravinga skjedde i samband med at kommunen skulle kople til eit vatn- og avløpsanlegg på Håbakken til prestegarden på Tønjum i Lærdal. Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim har tidlegare vedgått at det har skjedd ein glipp.

Han vart først kjent med politimeldinga då NRK tok kontakt tysdag føremiddag.

– Det som har skjedd er ikkje bra. At saka er politimeld, det forstod eg at måtte skje. Eg håpar at etterforsking og undersøkingar vil vise at vi ikkje har øydelagt kulturminne, seier Solheim.

Han seier kommunen har biletedokumentasjon på arbeidet som vart gjort i området. Han håpar dei vil kunne bidra til å gje svar på om det er gjort skader på kulturminna eller ikkje.

– Når så gale har skjedd, er det viktig at vi får avdekt om vi faktisk har øydelagt noko. Dette må vi berre ta innover oss, og det vil bli godt å få avklart det, seier Sp-ordføraren.

Jan Geir Solheim, Lærdal kommune kan ha øydelagt 1000 år gammalt kulturminne

VIKTIG Å GJERE DET RETT: Lærdal kommune og ordførar Jan Geir Solheim har vedgått at dei har gjort ein glipp i saka om gravinga. – Det er mange kulturminne i Lærdal, difor er det ekstra viktig å gjere alt rett før ein byrjar grave, seier ordføraren.

Foto: Arne Stubhaug / NRK