Hopp til innhold

Melder «påskestemning» alt til helga

Varm luft frå sør gir tidleg påskestemning. Fredag ligg an til å bli årets varmaste dag fleire stadar i landet.

Påske

PÅSKEFJELLET: Mange kan no få ein forsmak på påskestemninga.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Det ser ut til å bli store mengder sol.

Det seier statsmeteorolog Ingvild Villa, som nesten kan garantere påskestemning dei komande dagane. Iallfall i deler av landet.

Forklaringa er høgtrykk og ein varm luftstraum som kjem inn frå sør. Ved kysten kan folk vente seg to siffer på gradestokken.

– Ein liten forsmak på vår, påske og godt vêr, fortel Villa.

Twitter meteorolog

Dagane vert lengre

Våren gjer seg stadig meir gjeldande og kvar dag blir det 5 fleire minuttar med dagslys i Sør-Noreg.

I Bergen har dagane blitt om lag ein halv time lengre berre i mars månad.

Hestehov i solnedgang

VÅRTEIKN: Mange stadar gjer vårteikna seg gjeldande. Som hestehoven eller snøklokkene.

Foto: Edith Pettersen

Milde netter

I Tafjord var det meir enn 10 varmegrader gjennom heile natt til onsdag. Tafjordingane kan byte skjerf og lue med solbriller, skreiv meteorologane på Twitter.

Årsaka er litt spesielle vindforhold over fjorden.

– Det er ein fønvind som held temperaturen oppe, forklarer statsmeteorolog Pernille Borander.

Men i innlandet er kontrastane større. Klare netter og lite vind gir stort varmetap, samstundes som sola varmar godt om dagen.

I Folldal har temperaturforskjellen mellom dag og natt vore 34 grader.

Moderat skredfare i sør

I Sør-Noreg er det moderat fare for snøskred, men vind i fjella gjer at Tommy Skårholen, vaktleiar ved snøskredvarslinga til NVE ber skigåarar om å passe seg.

– Vær forsiktig i bratt terreng der fokksnøen legg seg, seier han.

I Nord-Noreg vil skredfaren auke til betydeleg på grunn av mildvêr og regn, legg Skårholen til.

Solnedgang frå Tindefjellet

TINDEFJELLET: Det kan bli mange fine solnedgangar på toppar som Tindefjellet i Jølster dei komande dagane.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Skiftande vêr

Lengst nord i landet har vinterferien bydd på nedbør og mildvêr. Men mot helga har meteorologen gode nyheiter.

– Mildvêret kjem heilt opp til Finnmark utover veka, der ser helga aller best ut for dei som har vinterferie i nord, seier Villa.

Nordland og Trøndelag kan få litt nedbør torsdag og fredag. Men til helga vil høgtrykket ta over og ei periode med tørt og roleg vêr er i vente.

– Godvêrsperioden vil vare til godt ut i neste veke, seier Borander.

Det er venta vind i fjellet, her bles det på toppane ved Fauskevarden

VIND PÅ TOPPANE: For mange vil det freiste med ein tur. Meteorologen minner om at det kan vere vind på toppane langs kysten i vest og i nordlege fjellstrøk.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK