Hopp til innhold

Meir til dei store - 20 millionar mindre til småbøndene

Medan det samla produksjonstilskotet til bøndene i Sogn og Fjordane har gått ned med nærare 20 millionar kroner siste året, får dei 10 største til saman ein million kroner meir.

Anders Felde

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, er provosert over regjeringa som tek frå småbøndene og gir meir til dei store.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei ti største bøndene i fylket får nærare sju millionar i produksjonsstøtte i år, ein auke på nærare ein million frå året før.

Dette skjer på same tid som den samla produksjonsstøtta til bøndene i fylket er redusert frå nær 530 millionar til litt i overkant av 510 millionar kroner.

Det er frykteleg at regjeringa tek frå småbøndene og gir til dei store.

Anders Felde

– Sviktar dei små

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, har ikkje noko imot at dei store tener betre, men meiner det er frykteleg at det skjer på kostnad av dei små.

– Regjeringa sviktar småbøndene og det verste er at det er ein villa politikk, seier Felde.

Bondelagsleiaren forventar at småbøndene får eit skikkeleg løft i samband med neste års jordbruksoppgjer.

– Det vil vere uaktuelt å godta eit oppgjer som ikkje løftar dei små og mellomstore bruka, seier han.

Ingen kommentar frå departementet

Frå Landbruks- og matdepartementet får NRK opplyst at ingen frå politisk leiing har høve til å kommentere saka.

Men det har Felde.

– Den økonomiske situasjonen for småbøndene er fullstendig uhaldbar. Endring må til, seier han.

Får fleire tilskot

Her er lista over dei fem gardsbruka som får mest i produksjonstilskot i år:

1) Rune Hovden, Askvoll: 880.201

2) Kjell Olav Kusslid, Førde: 854.397

3) Jostedal Samdrift, Luster: 825.916

4) Bø Fellesfjøs, Gloppen: 796.058

5) Hjalma Samdrift, Eid: 770.682

I tillegg til produksjonstilskot får bøndene også avløysartilskot og pristilskot frå staten. Produksjonstilskotet utgjer vanlegvis om lag 80 prosent av det samla statlege tilskotet til bøndene.