Hopp til innhold

Her gjer bøndene seg klare for å ta over tigerstaden

Mellom 3.000 og 4.000 bønder går no demonstrasjonstog frå Landbrukets hus til Stortinget i Oslo.

Mellom 3.000 og 4.000 bønder er samla i Oslo for å demonstrere mot regjeringa sitt tilbod i jordbruksforhandlingane.

SJÅ VIDEO: Mellom 3.000 og 4.000 bønder er samla for å demonstrere mot regjeringa sitt tilbod i jordbruksforhandlingane. (FOTO: KARL KRISTIAN LANGELAND/REDIGERING: BRIT JORUNN SVANES)

Demonstrasjonstoget starta klokka 12 etter fleire appellar frå bøndene. Leiar i Breim bondelag, Anders Felde, framheva i sin appell at demonstrasjonen er veldig viktig for bøndene.

– Får vi gjennomslag i Stortinget for ein ny politikk enn den regjeringa vil følgje, så har vi vunne kampen i tre nye år. Då kan vi vente levelege inntekter i tre nye år, sa han til stormande jubel frå dei frammøtte.

Høglydte bønder

Mellom 3.000 og 4.000 bønder frå heile landet er venta å delta i demonstrasjonen. Frå desse kring 100 bønder som har tatt turen frå Sogn og Fjordane for å vise si misnøye med tilbodet frå regjeringa i landbruksforhandlingane.

(Artikkelen held fram under videoen)

Mellom 3.000 og 4.000 bønder har samla seg til demonstrasjon frå Landbrukets hus til Stortinget i Oslo. Leiar Anders Felde i Breim Bondelag tala til forsamlinga før demonstrasjonstoget.

SJÅ: Leiar i Breim bondelag, Anders Felde, talar til forsamlinga før demonstrasjonstoget til Stortinget. (FOTO/REDIGERING: HEIDI LISE BAKKE)

Utrusta med kubjøller, plakatar, syrekanner og kamprop, går toget frå Sveigårdsgate til Stortinget.

– Dei vil nok bli lagt merke til av Stortinget, men som bøndene seier sjølve; om dei klarer å få merksemd frå rette politikarane, er uvisst, seier NRK-reporter Karl Kristian Langeland.

Listhaug gler seg

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) sa tysdag morgon at ho gler seg til å møte dei ilsinte og protesterande bøndene.

Medan bondeorganisasjonane krev eit jordbruksoppgjer med 1500 millionar kroner meir i potten, svara regjeringa med å tilby ein auke på ti prosent.

– Eg skal halde ein appell, der eg skal snakke om det gode tilbodet som staten har lagt fram. EG gler meg til å møte alle desse bøndene i dag, sa Frp-statsråden til Politisk kvarter på NRK P2.

– Eit veldig godt tilbod

Næringa fryktar ei sentralisering og avskaling i landbruket, og at tilbodet vil føre til at Norge ikkje lenger klarer å vere sjølvforsynte på mat.

Forhandlingane enda i brot, med etterfølgjande aksjonar frå bøndene. No er det opp til stortinget å avgjere. Listhaug står fast på at tilbodet til bøndene sikrar bøndene betre inntektsutvikling enn andre yrkesgrupper, samt legg opp til auka lønnsemd og matproduksjon..

– Eg meiner tilbodet vårt er veldig bra, vi sikrar landbruk i heile landet med små og store bruk. Med vårt opplegg kjem dei aller fleste mjølkeprodusentane betre ut, sa Listhaug.