Hopp til innhold

Ho meiner krigen i Ukraina gjer at verda gløymer andre alvorlege konfliktar

Raftoprisen går til ein organisasjon som kjempar for offer av tortur i Tsjad. Prisvinnaren sjølv meiner verda har snudd ryggen til konflikten i landet. – Ingen bryr seg, seier han.

Raftostiftelsen

MEDIA HAR ANSVAR: Raftoprisen går til Nodjigoto Charbonnel, kjemper for ofre for tortur i Tsjad. Leiar Line Alice Ytrehus av priskomiteen i Raftostiftinga seier at media har eit ansvar for å sette lys på grove menneskerettsbrot.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Raftoprisen går kvart år til personar eller organisasjonar som arbeider for å fremme menneskerettane.

Årets vinnar er Nodjigoto Charbonnel, grunnleggar og leiar for organisasjonen AJPNV.

Han kjempar for dei som er offer for tortur i heimlandet.

– Ingen bryr seg om situasjonen i Tsjad. Folk flest veit ikkje ein gong kvar landet ligg, seier Charbonnel.

– Folk mistar ofte alt

Ingeniøren har opplevd grov tortur mot sin eigen far. Han har sjølv mista levebrødet fordi han har engasjert seg i humanitært arbeid.

På ein dårleg videolink frå hovudstaden N`Djamena fortel han om kampen organisasjonen har stått i dei siste 22 åra.

– Folk mistar ofte alt når dei blir offer for tortur. Vi er den einaste organisasjonen som arbeider for å gje desse fysisk, psykisk og praktisk hjelp, seier han.

AJPNV har jobba i Tsjad i 22 år. Men Charbonnel skildrar ein forverra situasjon etter kuppet i fjor.

Samstundes kjem det store mengde flyktningar frå ulike konfliktar i nabolanda.

I0Hv0A3PE10

Nodjigoto Charbonnela frå Tsjad får Raftoprisen 2022. Han leder organisasjonen Association Jeunesse pour la Paix et la Non-Violence (AJPNV), som kjempar ein modig kamp for å avskaffe tortur.

Foto: Rafto Foundation / NTB

Meiner verda har gløymd Tsjad

– Når storsamfunnet ikkje reagerer på grove brot på menneskerettane, då held brota fram, seier leiar Line Alice Ytrehus av priskomiteen i Raftostiftinga.

Ei grunngjeving for årets pris er å få merksemd på ei konflikt som har fått eskalere utan merksemd i vestlege medium.

Krigen i Ukraina er noko av forklaringa på det, meiner Ytrehus.

– Det har alltid vore vanskeleg å få merksemd på Afrika. Men særleg no når alle auge er retta mot ei konflikt nærare oss. Media har eit ansvar for å sette lys på grove menneskerettsbrot.

Tsjad ligg i Nord-Afrika. Plasseringa gjer landet til viktig i kampen mot ulike terrororganisasjonar, meiner Raftostiftinga.

Dei meiner internasjonale land og organisasjonar gjev situasjonen i Tsjad lite merksemd.

– Han driv ein veldig modig kamp for å avskaffe tortur i eit land der tortur vert brukt systematisk og rutinemessig mot sivilbefolkninga, seier Ytrehus.

Line Alice Ytrehus, leiar av Priskomiteen i Raftostiftinga.

Ei grunngjeving for årets pris er å få merksemd på ei konflikt som har fått eskalere utan merksemd i vestlege medium. Lise Alice Ytrehus er leiar av priskomiteen i Raftostiftinga.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Prisutdeling i Bergen

Raftostiftinga jobbar no med å få Charbonnel til Bergen 13. november for å ta imot sjølve prisen på 20.000 dollar.

– Det er usikkert om eg kan komme. Det er heilt avhengig av korleis regimet her ser på prisen, seier han.

Han er open på at tildelinga av Rafto-prisen kan skape problem for han og organisasjonen hans.

– Eg veit ikkje heilt korleis styresmaktene tenker. No har litt av verdas søkeljos blitt retta mot oss.

Han skildrar arbeidet som farleg og vanskeleg. Men han takkar stiftinga i Bergen for å gje dei ny energi i kampen for menneskerettar i Tsjad.

Tsjad er eit av dei aller fattigaste og minst utvikla landa i verda.

Tsjad er eit av dei aller fattigaste og minst utvikla landa i verda. Raftostiftinga vil med årets Raftopris gi merksemd på konflikten i staten, som har fått eskalere utan merksemd i vestlege medium.