Hopp til innhold

Meiner kraftbransjen ikkje tek bresmelting på alvor: – Vatnet vil endre kurs

20 prosent av norsk vasskraft er avhengig av isbrear. Men breforskarane avdekker at landskapet vil endre seg dramatisk.

Breforskar og professor Jostein Bakke, UiB

FORSKAR: Professor Jostein Bakke på Folgefonna ser at vatn som i dag renn vestover og nordover, vil om nokre år renne sørover.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Isen på Folgefonna har lagt her i tusenvis av år. Men den er ikkje evig.

– Islaget har endra seg dramatisk dei siste 20 åra. Det går fort no.

Jostein Bakke er professor i geologi på Universitet i Bergen. Han er ein av dei fremste i verda på å kartlegge korleis landskapet ser ut under breane.

Artikkel frå det vitenskapelege tidsskriftet Frontiers of Earth Science.

Saman med andre forskarar har han nyleg publisert eit detaljert kart over kva som skjuler seg under breen i Vestland.

Ein av konklusjonane er at det vert store endringar i korleis vatnet finn vegen ned mot Hardangerfjorden.

– Vatn som i dag renn vestover eller nordover, vil endre kurs sørover. Fleire av kraftanlegga som ligg ved breen vil få mindre tilførsel, seier han.

Folgefonni Breførarlag - Folgefonna

ENDRAR KURS: Kraftverk vil liggje på feil plass, meiner forskar.

Foto: Folgefonni Breførarlag

Statkraft meiner forskinga er interessant

Kraftverket i Mauranger er eit av dei Bakke meiner vil få mindre vatn i løpet av dei neste tiåra.

– Eg har ikkje høyrt så mykje diskusjon om dette enno. Men det må nesten komme. Skal ein gjere nye investeringar innan vasskraft, må dette vere ein del av vurderinga. Det har det ikkje vore så langt, seier han.

Statkraft har planar om oppgraderingar i Mauranger som vil gjere kraftverket til det femte største i landet.

– Denne forskinga er av interesse for Statkraft, skriv pressetalsperson Knut Fjerdingstad hos Statkraft.

Kart over Folgefonn-området uten isbreen.

ENDRINGAR: Slik viser berekningane at området under Folgefonna vil sjå ut. Dei skraverte områda er dagens vassreservoar.

Foto: UiB

– Men vi er klar over problemstillinga, og har erfart det til dømes i Rana kraftverk. Der tok Vestisen i Okstindbreen eit nytt løp for 4–5 år sidan, og forsvann ut som tilsigsfelt.

Statkraft har likevel tru på ei langsiktig framtid for Mauranger kraftverk.

Professor Bakke meiner kraftbransjen i for liten grad tek omsyn til kunnskapen dei har opparbeida seg.

– Det vert ei dramatisk omvelting for vasskrafta mange stader.

Les også Ny framskriving: NVE trur klimaendringar vil gje meir vasskraft

Odda 20150703.
Stor snøsmelting i fjellene i Sør-Norge gir økt vannføring øst og vest for Langfjella. NVE har sendt ut flomvarsel på nest øverst nivå, og flere steder er vannføringen doblet på bare noen få dager. 
Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Smeltinga kan likevel gje meir vasskraft

På kartet til Jostein Bakke ser han kvar nye innsjøar vil dannast. Kanskje så tidleg som om 50 år vil landskapet under Folgefonna bli synlege for alle.

At breane forsvinn kan ha fleire negative konsekvensar for livet på land og i fjordane.

Jostein Bakke, professor i geologi, UiB

VIL ÅTVARE: Professor Jostein Bakke på Folgefonna

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Men for kraftbransjen skaper det og nye mogelegheiter.

– Det er potensial for meir kraftproduksjon frå breområda enn det vi har i dag, konkluderer forskaren.

Men brear som Folgefonna og Jostedalsbreen er i dag nasjonalparkar. Og ny kraftutbygging krev nye inngrep.

– Dette er ein debatt som heilt sikkert vil komme. Kva status skal breane ha når isen er vekke, seier han.