Hopp til innhold

Meiner hytteboomen held fram i 2021: – Det har hagla inn med sal

Hyttesalet har skote i vêret i koronaåret 2020. Eiendom Norge seier det vil halde fram også i 2021, men det ser ut til å bli dyrare.

Myrkdalen Fjellandsby på Voss

POPULÆRT: Myrkdalen er ein populær stad å ha hytte eller fritidsbustad. Både her og på andre fjelldestinasjonar tok salet seg kraftig opp i 2020.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Her er tomta, her skal vi prøve å få det fint. Eg trur det blir veldig bra, seier Roger Solheim.

Han og familien er blant dei mange som i koronaåret 2020 gjorde hyttedraumen verkeleg. Koronapandemien sette nemleg fart i hyttesalet:

  • I mai og juni vart det selt 40 prosent fleire hytter ved sjøen enn i same tidsrom i fjor.
  • På fjellet var salsauken nesten 80 prosent i same periode.

Utover sommaren og hausten heldt eksplosjonen fram i hyttemarknaden.

Tal frå Prognosesenteret viste at det allereie ved utgangen av oktober vart sett ny årsrekord i omsetning (ekstern lenke) av hytter i Noreg.

Roger Solheim med ny hyttetomt i Sogndalsdalen

NY TOMT: Roger Solheim og familien ville vera sikre på å få ein snørik vinter. Dei har nyleg kjøpt seg hyttetomt i her i Hodlekve i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ville ha vinter

Familien Solheim har kjøpt tomt i Hodlekve i Sogndal.

Området har hatt stor hytteutbygging siste åra.

– Vi hadde sett på hytter forskjellige stader, men fann ut at Sogndal var den beste plassen med tanke på snø. Vi ville vere sikre på å få ein skikkeleg vinter, seier Solheim.

– Kvifor kjøpte de akkurat i 2020?

– Det kom litt brått på. Men vi visste at dei kom til å byggje ut fleire tomter. Då vi var og så dei var dei så flotte at vi fann ut at vi hadde lyst til det, seier Roger Solheim.

Hyttefelt i Hodlekve i Sogndal

TOK AV: – Det har hagla inn med sal det siste halve året, seier investor Jomar Haukås i Sognefjorden Utvikling. Her i Hodlekve i Sogndal er det omsett hytter, tomter og leilegheiter for nærare 50 millionar kroner sidan i vår.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sikker på det held fram i 2021

Eiendom Norge meiner salstrenden vil halda fram også i 2021.

– Det er sannsynleg at trenden vil vara ved ut i 2021. Låg rente og at det truleg blir lenge til ein kan reisa utanlands vil bidra til det, seier administrerande direktør Henning Lauridsen.

Han får støtte av senioranalytikar Carl Christian Mathiesen hjå Prognosesenteret, som i sin siste analyse (ekstern lenke) trur på litt lågare tilbod, men framleis høg etterspurnad i 2021.

– Derfor trur vi også hytteprisane vil halda fram med å auke utover 2021, skriv Mathiesen.

Direktør i Eiendom Norge, Henning Lauridsen.

TRUR PÅ VIDARE VEKST: Henning Lauridsen, administrerande direktør i Eiendom Norge.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Tidenes sal

I Sogndalsdalen har investor og dagleg leiar i Sognefjorden Utvikling, Jomar Haukås, hatt det travelt siste månadene.

Då landet var stengt ned, var det dørgande stille. Men i mai endra det seg. Vanlegvis rolege vårmånader blei plutseleg travle.

Totalt har dei omsett for nærare 50 millionar kroner sidan då, med sal av hytter, tomter og leilegheiter.

– Det har hagla inn med sal det siste halve året. Det har vore ein eventyrleg, «all time high»-sesong i Hodlekve, når det kjem til sal av tomter og leilegheiter

– Vi ser at folk vil ha noko trygt i Noreg no. Utanlandsturar blir bonus i framtida, meiner Haukås.

Eigedomsmeklarane har hatt det travelt i 2020, og trur dei også får mykje å gjera på hyttefronten i 2021.

Tone Ravnanger i Eiendomsmegler Vest trur stadig usikkerheit i koronasituasjonen i verda gjer at mange vil investere i ein trygg stad å reise til.

– Med den pågangen og interessa vi opplever så tidleg i denne vintersesongen, så er vi ikkje i tvil om at dette vil halde seg utover i 2021, seier Ravnanger.