Hopp til innhold

Meiner det er eit svik for både bygda og landet

HØYANGER (NRK): Eit hundretals høyangeringar mobiliserte for å stoppe Statkraft si riving av gamle anlegg i kommunen. Fleire meiner det er eit stort svik.

Røyrgater

VISER FRAM. Historikarane Anders Timberlid og Gaute Ljotebø viser gamle bilete av kraftanlegga.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Trallebaner, kraftstasjon og røyrgatene er ein del av norsk industrihistorie. Om desse forsvinn er det ikkje noko handfast å vise til komande generasjonar, seier Vibeke Svedal.

Svedal

MOBILISERER. Ho er glad for å vere ein del av gjengen som har møtt opp for å prøve å hindre riving.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Svedal var ein av fleire engasjerte som møtte opp då Høyanger Historielag arrangerte folkemøte på samfunnshuset i den historiske bygda.

Med føredrag frå blant anna historikarar Gaute Ljotebø og Anders Timberlid fekk heile salen vere vitne til både bilete, tekst og video frå Høyanger si lange historie om aluminiumsproduksjon og vasskraftverk.

Høyanger

FOKUS. Det var heilt knyst i salen under framsyning av gamle bilete og videoar frå heimbygda.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) krev at alle kraftinstallasjonar som ikkje er i bruk må rivast eller vernast. Statkraft ønskjer no riving av to kraftstasjonar i Høyanger, K1 og K2.

– Vår agenda er å følge opp NVE sitt vedtak. Når vi ikkje skal bruke desse anlegga lenger, så skal dei sanerast eller fjernast. Det skal ryddast opp. Det er vår oppgåve, sa Erling Nystad, rådgjevar for kulturminne i Statkraft til NRK i fjor.

– Det er jo eit svik for bygda og landet om vi risikerer å miste alt dette, det betyr for mykje for folk og for mykje for landet vårt, fortel Svedal.

Likevel er det ikkje berre interessa for å bevare historia som står i fokus når folket samlar seg. Kvart år arrangerast det trappeløp på K1 som er trappa ved ein av dei to kraftstasjonane som står i fare for å bli fjerna.

Gamle bileter

LOKALHISTORIE. Dei frammøtte fekk fleire historier om bygda dei kjem frå.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Folk brukar dette som trim. Trappeløpet er samlande for lokalmiljøet og dei er mykje brukte heile året av både turistar og vi som bur her, seier Svedal.

Les meir: Er redd verdfull industrihistorie går tapt.

Ein del av identiteten

I fjor markerte Høyanger 100-årsjubileum og historikar Anders Timberlid fortel at kraftanlegga er ein vesentleg grunn til at det i det heile teke har vorte liv i Høyanger.

– Det var på grunn av vasskrafta at folk kunne ta seg til å leve her og difor er det rart at det ikkje har blitt verna enno, seier Timberlid.

timberlid

HOVUDLAUST. Anders Timberlid meiner det er hovudlaust om staten ikkje vernar om anlegga.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Ingrid Espe kom til bygda som 16-åring og høyrde på Timberlid i kveld. Ho meiner at anlegga er ein del av identiteten til folk i bygda.

– Då eg kom hit skulle eg berre vere her i eitt år. No er eg blitt 40 år og elskar denne staden og historia til denne fantastiske bygda. Det ville vore som å fjerne ein del av identiteten til folk om kraftstasjonen og ikkje minst trappene forsvinn, fortel ho.

Espe

HÅPAR PÅ VERN. Ingrid Espe håpar at trappene og kraftverket kan bli verna av staten.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Eit av føredraga var halde av Eva Røyarne frå Universitetet i Bergen som kunne fortelje om ein liknande situasjon i Hardanger. I Ålvik var det også trallebane, men den blei rive av staten trass i at lokalbefolkninga organiserte seg i gruppa Trallebanens Vener.

Sjølv om fleire kraftstasjonar har blitt rive i landet let ikkje Espe seg skremme.

– Vi er eit dugnadsfolk i denne bygda og eg er sikker på at vi kjem til å vinne denne kampen. Staten har tatt nok industriminner no og her får dei ikkje lov å rive, avsluttar ho.