NRK Meny
Normal

Er redd verdfull industrihistorie går tapt

100 år gammal norsk industrihistorie kan gå tapt når Statkraft vil fjerne gamle anlegg i Høyanger. Kommunen ber Riksantikvaren om freding.

Høyanger sentrum

SJÅ TV-REPORTASJE: Til kamp for 100 år gamal industrihistorie.

– Eg håpar storsamfunnet vaknar og tek vare på dette. Det er ein viktig del av historia vår. Både for Høyanger, men også for Sogn og Fjordane og Norges-historia, seier lokalhistorikar Gaute Ljotebø.

I år skal industrisamfunnet Høyanger markere100-årsjubileum. Men snart kan bilete i industristadmuseet i Byporten vere alt som er att av den eldste delen av i historia.

Nye kraftanlegg inne i fjellet har tatt over, og Statkraft vil rive ei av to trallebaner, kjend for sitt årlege trappeløp, røyrgater frå 1916 og ein kraftstasjon frå 1938.

NVE krev i utgangspunktet at alle kraftinstallasjonar som ikkje er bruk må rivast eller vernast. Statkraft ønskjer riving.

Gaute Ljotebø

- HÅPAR STORSAMFUNNET VAKNAR: Lokalhistorikar Gaute Ljotebø.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det skal ryddast opp

– Vår agenda er å følge opp NVE sitt vedtak. Når vi ikkje skal bruke desse anlegga lenger, så skal dei sanerast eller fjernast. Det skal ryddast opp. Det er vår oppgåve, seier Erling Nystad, rådgjevar for kulturminne i Statkraft si eigedomsavdeling.

Dermed kan det gå mot slutten for nokre av dei eldste industrianlegga som framleis er inntakte i Norge.

I 1915 vart NACO, Norsk Aluminiumscompagni (i dag Hydro Aluminium) starta i Høyanger. Fabrikken måtte ligge der fossefalla låg, og året etter var fleire tusen mann i sving for å bygge røyrgater, kraftstasjon og fabrikk.

Erling Nystad, Statkraft

HELST RIVING: Rådgjevar Erling Nystad i Statkraft.

Foto: Margret Helland / NRK

No ber Høyanger kommune, med støtte frå Fylkeskulturavdelinga i Sogn og Fjordane, om at Riksantikvaren vurderer freding av dei eldste anlegga.

Kvifor riving?

– Det er ikkje billeg å rive. Vi kjem fort opp i fleire hundre millionar kroner. Fordi dette er anlegg som ofte er til fare for folk og fe som ferdast i området, har vi ikkje anna val enn å fjerne dette. Det er dyre, kostbare anlegg å halde ved like og sikre for ålmenta i framtida.

– Høyanger ikkje med i planen

Dette er dei eldste anlegga i Høyanger. Bør ikkje denne delen av historia takast vare på?

– Vi har stor forståing for at folk i Høyanger og elles har sans for dei flotte anlegga, men Statkraft har saman med Riksantikvaren og NVE valt ut nokre anlegg i Norge som skal representere vasskrafthistoria. Anlegga i Høyanger er ikkje med i planen vår, seier Nystad.

Kva synest Statkraft om kravet om freding?

– Vi vil heller samarbeide med Høyanger kommune for å komme fram til avtaler eller ordningar der vi kan ta vare på nokre av anleggsobjekta som kan inngå i ei framtidig kulturminneforvaltning for Høyanger. Men freding går langt utover det vi har sett for oss for anlegga i Høyanger.

Kultursjef Anita Nordheim i Høyanger syng "Høyangersangen" i K2.

HØYR AKUSTIKKEN: Kultursjef Anita Nordheim ser ikkje bort frå at kraftstasjon K2 kunne vore nytta til arrangement, om den blir freda. Her syng ho "Høyangersangen" mellom kraftturbinane.

– Freding heilt nødvendig

Kultursjef Anita Nordheim i Høyanger kommune seier at dei frå før har freding av bustadområdet Parken, og store delar av Høyanger sentrum står i NB-registeret til Riksantikvaren.

– Men vi har inga freding av noko industriminne, verken teknisk eller industrielle. For å få ein heilskap, som vil gi mykje større nasjonal verdi, meiner vi at freding av ein del av kraftanlegga er heilt nødvendig.

Ho viser til at Sogn og Fjordane er landet tredje største kraftfylke, men ingen kraftinnstallasjonar er freda.

Krafstasjon K2 i Høyanger

SKAL BORT? Kraftstasjon K2 i Dalsdalen i Høyanger vart med sin særeigne byggestil sett i drift i 1938.For to år sidan var den erstatta av eit nytt anlegg inne i fjellet.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Frykteleg synd

Stoda er den same ei rekkje stader i landet. Direktøren ved Norsk vasskraft- og industristadmuseum i Tyssedal meiner anlegg som i Høyanger må takast vare på.

– Vi har vore flinke til å ta vare på historia vår frå gamle, gamle dagar. Men industrihistoria som har vore veldig viktig for å bygge landet vårt, den tek vi ikkje vare på, konstaterer Jan-Anders Dam-Nielsen.

Museumsdirektøren saknar eit større fokus på industrielle kulturminne.

– Både frå løyvande styresmakter, men også frå industriselskapa som har dei historiske anlegga i sitt eige. Dei må sjå at industrihistoria er ein viktig identitetsbyggar og eit viktig ledd i historia til landet vårt.

Jan-Anders Dam-Nielsen

VIL HA MEIR VERN: Direktør Jan-Anders Dam-Nielsen ved Norsk vasskraft- og industristadmuseum.

Foto: Arvid Aga

– Gjer Norge litt fattigare

– Kva synest du om at Statkraft vil rive ei av to trallebaner og ein kraftstasjon i Høyanger?

– Det er frykteleg synd. Vi ser det ikkje berre i Høyanger, vi ser det fleire stader i landet. Slike anlegg er ikkje berre identitetsberarar, dei er også potensielle turistattraksjonar som kan trekke mange menneske til området.

I Hardanger er trallebana til Mågelitoppen i Skjeggedal, etter årelang krangel, alt i ferd med å bli demontert. I staden blir det bygt bilveg til hyttefolk og turgårarar som skal besøke den vidgjetne Trolltunga i området. Det beklagar Dam-Nielsen. No håpar han at liknande ikkje skjer i Høyanger.

– Det at desse trallebanene no forsvinn ei etter ei, gjer Norge litt fattigare.

Riksantikvaren opplyser til NRK at dei har motteke Høyanger kommune si oppmoding til freding. Saka vil bli vurdert. Utover det vil ein ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt.

Trallebana og trappene i Høyanger sentrum

SKAL BORT? Røyrgata, trappene og det som er ei av to trallebaner i Høyanger, like over metallverket i sentrum.

Foto: Steinar Lote / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser