Hopp til innhold

Meiner dei har rimeleg god kontroll på narkotikamiljøa i Sunnfjord

Tysdag vart 18 personar mellom 14 og 25 år arresterte i ein storaksjon mot narkomiljø i Nordhordland. Regionlensmann i Sunnfjord, Jan Egil Tvinde, meiner politiet har bra kontroll på liknande miljø her.

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

PASSAR PÅ: Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, er klar på at politiet held forskjellige miljø under oppsikt.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Slik eg opplever det, så har vi rimeleg bra kontroll på desse miljøa i Førde-områda og dei mindre lensmannsdistrikta rundt Førde, seier regionlensmann i Sunnfjord, Jan Egil Tvinde.

Men han legg til at slike miljø kan dukke opp raskt.

– Vi har hatt liknande aksjonar som den i Hordaland her, der vi har teke inn ungdommar. Det har skjedd seinast siste året, seier Tvinde.

Ungdommane det er snakk om er i 18-årsalderen, men nokon er også yngre.

– Det er mest i det sjiktet. Når det gjeld stoffbruk, er det oftast snakk om hasj og noko anabole steroid. Men kor stort miljøet omkring anabole steroid er, har vi ikkje så god oversikt over, sjølv om vi har ei viss oversikt, seier Tvinde.

Er klare til å slå ned på miljø

Han understrekar at politiet prioriterer narkotikasaker høgt, og at dei følgjer nøye med miljøa.

– Vi er på tå hev. Eg seier ikkje at vi ikkje får narkotikasaker av den typen som ein no rulla opp i Nordhordland. Men vi skal vere der viss miljøa oppstår, og vi skal hindre dei og stoppe dei så raskt som råd, seier Tvinde.

I Hordaland vart det tysdag arrestert 18 personar mellom 14 og 25 år i ein storaksjon i Nordhordland, i mindre kommunar som Austrheim, Fedje, Lindås, Meland, Modalen og Radøy.

– Førde har flest narkotikasaker her i området, og det er også her vi er vane med å jobbe med slike saker. Det er mogleg at mindre lensmannskontor sjeldnare har slike saker, og det er klart at jobbar ein ofte med dette feltet, så er det lettare å avdekke fleire saker, seier Tvinde.

Jobbar godt på tvers av grenser

Han understrekar at det er eit godt samarbeid over lensmannsdistriktsgrensene, og at kompetansen som finst hjå politiet i Sogn og Fjordane vert brukt godt i eit stort område.

– Vi har flinke folk som jobbar med narkotikakriminalitet, og vi er svært interesserte i å hindre nyrekruttering. Det er eit kjempeviktig arbeid å anten få teke folk i tidleg utvikling, og ideelt sett hindre dei i å bruke i det heile teke, seier Tvinde.

Han legg til at politiet også har hatt gode erfaringar med å nytte ungdomskontraktar til dei som er tekne for narkotikabruk for første gong.

Ungdomskontraktar har god effekt

Ungdomskontraktar er ei ordning der ungdom som vert tekne for narkotikalovbrot kan sleppe bøter. I staden må dei skrive kontrakt med politiet der dei går med på rustesting og oppfølging.

Ei slik kontrakt varer i dei fleste tilfelle mellom seks og 12 månadar.

Med ei slik kontrakt, lovar ungdommane at dei skal halde seg unna trøbbel. Dei vert rustesta med ujamne mellomrom, og dei må også inn til samtalar med politiet, i lag med foreldra.

– Det er effektfullt, og det har vi drive på med i to-tre år, seier Tvinde.