- Vi håpar at dette skal verke førebyggjande, og så langt har vi hatt positive erfaringar, seier lensmann Jan Egil Tvinde i Førde.
- Dei må halde seg unna trøbbel
Sidan midten av desember har politiet i kommunen prøvd ut ein ny måte å straffe ungdomar på.
I hovudsak gjeld dette for ungdom som vert tatt for narkotikalovbrot. Men også dei som vert tatt for nasking, tjuveri og skadeverk kan sleppe unna bøter.
Den alternative straffa er ein såkalla ungdomskontrakt. Ein kontrakt som i dei fleste tilfelle varar mellom seks og tolv månadar.
- Ungdomane lovar at dei skal halde seg unna trøbbel. Dei vert rustesta med ujamne mellomrom og dei må også inn til samtalar med politiet, saman med foreldra, forklarar Tvinde.
- LES OGSÅ:
14 kontrakter på to månader
På dei to månadene politiet i Førde har prøvd ut metoden har 14 ungdomar mellom 16 og 20 år skrive ein slik kontrakt med politiet. Og fleire er allereie på trappene.
Politiet samarbeider med fleire andre offentlege etatar, mellom anna barnevernet og konfliktrådet.
Tvinde understrekar at dei ikkje opplever at det er mykje ungdomskriminalitet i kommunen, men seier dei siste tida har gått aktivt inn for å rydde opp.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Får tett oppfølging
Mellom anna har dei gått inn i miljøet rundt den såkalla «Bunnprismafiaen». Dette er ein gjeng ungdomar som har laga kvalme ved handelssentra i Førde.
- LES OGSÅ:
- Vi har fått til eit bra samarbeid med ungdomane. Mange har inngått kontraktar og både ungdomane og foreldra føler dei vert godt følgde opp, seier Tvinde.
- Korleis kan ei slik ungdomskontrakt vere betre enn bøtelegging?
- Ungdomane får oppfølging i ettertid, og på den måten kan vi få dei ut av feil spor, seier Tvinde.
Riset bak spegelen er at dersom ungdomane bryt med kontrakten må dei betale bota. Dei må då også svare for eventuelle nye brotsverk.
Gode erfaringar på Stord
Prosjektet har vore prøvd ut i fleire av dei store byane, mellom anna Stavanger og Oslo.
Også på Stord har politiet det siste året hatt fleire ungdommar på ungdomskontrakt.
- Dei vi har hatt på kontrakt har gitt reine rusprøver gjennom heile perioden, seier politiførstebetjent Kjetil Hauge på Stord.
Han meiner det enkle prinsippet bak gjer at det lukkast.
- Dei får ein ny sjanse. Held dei seg på matta, slepp dei unna bot. Mange av ungdomane seier dei var skeptiske på førehand, men seier no at det har vore veldig bra, seier Hauge.
- Kan påverke andre
Han trur også at ungdomane som går på slik kontrakt har moglegheit til å påverke andre.
- Dei må halde seg unna narkotika, og når dei må forklare dette for andre kan det ha ein viss effekt, seier Hauge.