Hopp til innhold

Meiner dei har bra kontroll på Odd

Eit formsterkt Sogndal-lag møter i kveld Odd på Skagerak Arena i Skien.

Rune Bolseth

KAPTEIN: Rune Bolseth trur den gode Sogndal-trenden held fram borte mot Odd.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Med seg i bagasjen har Sogndal to strake heimesigrar frå serien (Brann og Sandnes Ulf), og tysdagens cupsiger over 1. divisjonslaget Strømmen.

  • Laster innhold, vennligst vent..
  • Hør Radiosportens 4-4-2 i nett-radio

– Trur vi har gode sjansar

– Odd er eit av dei beste laga i eliteserien for tida, ligg på tredjeplass og har gjort det bra, seier Sogndal-kaptein Rune Bolseth til klubben si nettside.

Jone Samuelsen (t.v.) og Ruben Holsæter

VANN HEIME: I fjor slo Sogndal Odd 2–0 heime, og spelte uavgjort 0–0 i Skien. Her er Jone Samuelsen (t.v.) i duell med Sogndals Ruben Holsæter på Fosshaugane.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Bolseth meiner telemarkingane no haustar fruktene av ein stabil tropp som har hatt kontinuitet dei siste åra, mellom anna med den 40-år gamle hovudsterke måljegeren Frode Johnsen på topp.

– Den kan vere greitt at Azar (Karadas) og Hannu (Patronen) har kontroll på luftrommet. Vi må få vist fram det vi har vore god på dei siste kampane, så trur eg vi har gode sjansar, seier Bolseth.

Har tatt poeng i 11 av 18 kampar

Statistisk sett er det to jamgode lag som møtest klokka 18 måndag kveld. Sidan 2000 har laga spelt 18 innbyrdes oppgjer. Sju av dei har gått i favør Odd, fem har enda uavgjort, mens sogndølene har vunne seks kampar, ifølgje statistikkbasen nifs.no.

Under trenar Jonas Olsson verkar det som Sogndal har fått overtaket på Odd.

Jonas Olsson

OPPTUR: Etter ein vanskeleg start på sesongen har trenar Jonas Olsson sett laget sitt ta poeng i kamp etter kamp.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Dei to siste åra har vi vunne éin og spelt éin uavgjort borte. Heime har vi vunne éin og tapt éin. Så vi har absolutt ein god sjanse, seier Olson til sogndalfotball.no.

Ønskjer seg seks poeng før ferien

Etter kveldens eliteserieoppgjer mot Odd, ventar neste kamp allereie førstkommande torsdag heime mot Vålerenga. Sogndal-trenaren hadde gjerne sett at laget hans, som i dag ligg på 10. plass hadde makta å ta seks nye poeng før fotballferie og Brasil-VM.

– Vi er inne i ein god trend og har eit godt lag. Så det skal vere mogleg å ta seks poeng, seier Olsson.

HER ER LAGET MOT ODD:

Mathias Dyngeland, Hannu Patronen, Azar Karadas, Bjørn Inge Utvik, Taijo Teniste, Rune Bolseth, Helge Haugen, Petter Strand, Logi Valgardsson, Mahatma Otoo, Ulrik Flo

På benken sit:
Erik Dahlin, Gustav Valsvik, Kristian Fardal Opseth, Tim Nilsen, Eirik Skaasheim, Ruben Holsæter, Kristoffer Nesse Stephensen