Hopp til innhold

Meieria tek grep – mjølka surnar saktare enn før

Datoen for haldbarheit har blitt utvida med fleire dagar dei siste åra, både hos Tine og Q-meieriene.

Datomerking på melk.

Tine og Q-meieriene har lengre haldbarheit på mjølka enn tidlegare.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Du har kanskje lagt merke til det.

Mjølka du kjøper i butikken har lengre haldbarheit enn tidlegare.

Det er ikkje mange år sidan mjølka «berre» heldt i rundt to veker.

Både Tine og Q-meieriene opplyser at dei jobbar med klare mål om lengre haldbarheit.

  • Q-meieriene har auka haldbarheita på mjølka frå 14 til 20 dagar, med ein auke på 3 dagar sidan i fjor. Målet er haldbarheit på 22 dagar.
  • Tine oppgir at datostemplinga for søtmjølk har blitt utvida med fem dagar berre sidan 2020. Selskapet ønsker ikkje oppgi kor mange dagar dei har auka datoen til, og viser til at informasjonen er «konkurransesensitiv».
Melk i melkedisk

I butikkhyllene har det blitt tøffare konkurranse rundt datoen for haldbarheit.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Mindre konsum

Bakteppet er at vi drikk langt mindre mjølk i dag enn vi gjorde tidlegare.

Matforsyningsstatistikken, som Helsedirektoratet kom ut med for eit par år sidan, viser at forbruket av mjølk har gått jamt og trutt nedover sidan 1950-talet.

Medan kvar nordmann drakk over 200 liter mjølk i snitt i året midt på 50-talet, er det tilsvarande talet no rundt 70 liter i året.

Rett nok et vi litt meir yoghurt og ost, men det er ikkje i nærleiken av å kompensere for mindre mjølkedrikking.

Dermed har datostemplinga blitt ein konkurransefaktor i seg sjølv: I valet mellom to ulike produkt, landar forbrukaren gjerne på mjølka med lengst haldbarheit.

– Vi har sett at det er mogleg å forlenge haldbarheita mellom anna gjennom nytt utstyr, seier Kristine Aasheim, administrerande direktør i Q-Meieriene.

– Vi har ein klar ambisjon om å vere best på haldbarheit til forbrukar, seier Heidi Grønnevik, leiar for råstoff og leigeproduksjon i Tine.

Heidi Grønnevik, Tine

Heidi Grønnevik i Tine erkjenner at det er konkurranse rundt datostemplinga

Foto: TINE

Lengre haldbarheit

Både Tine og Q-meieriene oppgir at dei gjer fleire grep «i heile verdikjeda» som skal føre til at mjølka surnar saktare enn før.

  • Tine. Fokus på riktig vask og godt vedlikehald, som varetek mjølkeråstoffet som kjem inn til meieria på ein god måte. Selskapet jobbar også med å redusere tida frå mjølka kjem inn til meieriet, til den er ute i butikk. Enkelte dagar går mjølka ut i butikk same dag som den kjem inn til meieriet.
  • Q-meieriene. Har investert i nytt utstyr, mellom anna ein såkalla baktofuge, som gjer det mogleg å «reinse» mjølka to gongar. I tillegg har selskapet investert i nye tappelinjer, som er eit lukka system. Det bidreg til å halde ein høg hygiene.
Baktofuge

Ved hjelp av baktofuge kan mjølka reinsast ein ekstra gong, ifølge Q-meieria.

Foto: TetraPark

Ofte god etter datostempling

Både Tine og Q-meieriene er tydelege på at det er klar forskjell på «best før» og «siste forbruksdag». Dei fleste mjølkeprodukta er merka med ein «best før»-dato og kan halde seg heilt fint fleire dagar etterpå.

I 2016 gjennomførte Opplysningskontoret for Meieriprodukter, Melk.no, eit eksperiment der mjølka vart oppbevart i eit kjølerom med to grader – og smakt og lukta på dagleg.

Då var mjølka heilt fin og drikkbar over ein månad etter datostemplinga, nærare bestemt 41 dagar.

Melk med ulike datoer

Mjølka er «ofte god etter» datoen på kartongen. Men det handlar mykje om korleis du handterer mjølka, seier både Tine og Q-meieriene.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Likevel er det nokre råd som er viktige å følge, for at mjølka skal halde seg lenger enn datostemplinga, ifølge mjølkeprodusentane.

  • Sørg for å handle mat aller sist på handlerunden, slik at kjølevarer held seg kalde.
  • Sjekk at kjøleskapet held maks fire grader.
  • Ikkje la mjølka stå for lenge ute.
  • Ikkje drikk frå kartongen, bakteriar frå deg kan påverke haldbarheita.
  • Ikkje opne fleire kartongar om gongen, mjølk held lenger i uopna emballasje.
  • Dekk godt til mat i kjøleskapet som har sterk lukt, så forandrar ikkje mjølka smak.
Kristine Aasheim styreleder Q-meieriene

Administrerande direktør i Q-meieriene, Kristine Aasheim, seier forbrukarane med nokre enkle grep kan forlenge haldbarheita på mjølk.

Foto: Q-meieriene