Hopp til innhold

Bergensbandet knuser fansen sine hjarte: – Hjerteslag er oppløyst

To dagar etter bergensbandet Hjerteslag spelte konsert på USF Verftet i Bergen melder fire av fem medlemmar at bandet er oppløyst.

Hjerteslag-konsert mandag 7. juni 2021

KONSERT: Hjerteslag spelte konsert på USF Verftet i Bergen, måndag 7. juni. Då var fire av fem bandmedlemmar bytta ut.

Foto: Emil Weatherhead Breistein / BA

– Tusen takk til alle som har kome på konsertane våre. De har gitt oss minner for livet. Men Hjerteslag er oppløyst.

Det skriv fire av dei tidlegare fem medlemmane i bandet på Hjerteslag sin eigen instagramprofil.

Bandet, som gjennom det siste tiåret har blitt ein av Noreg sine mest kjente rockeband, spelte konsert på USF Vertfet måndag denne veka.

Hjerteslag fra Bergen

FRONTFIGUR: Robert Eidevik stod måndag aleine på scena. Dette bilete er frå ein annan tid.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Men på scena stod berre éin av fem bandmedlemmar, vokalist Robert Eidevik.

No melder dei resterande fire, Petter Sætre, Torjus Raknes, Ole-Andre Hjelmås og Nikolas Aarland, at Hjerteslag ikkje lenger er eit band.

Det var BT som først omtalte saka.

Vanskeleg

Dei fire medlemmane forklarar at samarbeidet har vorte gradvis vanskelegare. Dette er grunnen til at det musikalske samarbeide stoppar, og bandet ikkje lenger er samla, ifølgje dei fire eksmedlemmane.

Dei legg også til at personane på scenen måndag ikkje er eit nytt Hjerteslag med nye medlemmar.

– Hjerteslag var eit band. Ikkje ein person. Vi har laga låtane saman, i øvingslokalet og i studio.

Hjerteslag - Øyafestivalen 2017

LIVEBAND: Hjerteslag har spelt på ei rekke festivalar. Her frå Øyafestivalen i 2017.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

Bandet har dei siste ti åra spelt ei rekke konsertar og gitt ut tre plater, sist i 2018.

Hjerteslag-vokalist Robert Eidevik skriv følgjande i ein e-post til NRK:

– Det er trist og synd at dei fire andre – tidlegare medlemmane – vel å ta diskusjonen om Hjerteslag offentleg og i media. Eg ønsker ikkje å gjere det same, og ber om forståing for dette.

Siste kompromiss

Dei fire musikarane forklarar at Eidevik spelte måndagens konsert under bandnamnet som eit kompromiss.

Bandet sitt bookingbyrå hadde, i lys av koronapandemien, søkt støtte til å gjennomføre tre konsertar.

Dei fekk difor 600.000 kroner i statlege midlar for konsertane, ifølge BT.

– Vi var på dette tidspunktet lite lysten på å spele saman, skriv dei fire, som ikkje ynskjer å utdjupe vidare til NRK.

På grunnlag av dette inngjekk dei eit kompromiss der Robert Eidevik kunne spele med andre musikarar, slik at dei andre i apparatet rund bandet ikkje mista inntekta.

– Beklagar til alle som har likt oss. De har gitt oss minner for livet, avsluttar dei fire bandmedlemmane på Instagram