Hopp til innhold

Supermikroskop kan finne svaret på kreftgåta

Eit supermikroskop som kan tolke kreftceller på eit heilt nytt nivå, opnar ei verd som tidlegare var skjult for forskarane. Mikroskopet kan vise vegen til løysinga av kreftgåta, trur kreftforskar.

Kreftssvulst i mikroskop

SVULST: Ein brystkreftsvulst sett gjennom eit molekylmikroskop.

Foto: CCBIO

Med det nakne auget er det ikkje råd å sjå kva som er på den vesle glaspinnen senioringeniør Kenneth Finne mater inn i dei store kassane i Laboratoriebygget på Haukeland i Bergen.

Om ein time har molekylmikroskopet tolka kreftcellene på prøven til minste detalj, og opna ei verd som tidlegare var skjult for forskarane.

No kan dei på heilt anna vis sjå korleis ein svulst er oppbygd.

Brystkreftssvulst
Slik ser ein brystkreftsvulst ut under mikroskopet
Brystkreftssvulst
Alle kreftsvulstane er ulike frå kvarandre.
Kreftssvulst i mikroskop
Det grøne er kreftceller, det raude bindevevsceller og dei blå immunceller.
Kreftsvulst
Dette er den forrige svulsten fotografert med gamaldags teknologi

Unike kreftsvulstar

– Svulstane er like unike som menneske. Dei treng spesielt tilpassa behandling for at vi skal få kontroll med dei, seier Lars Andreas Akslen.

Han er professor, kreftforskar og leiar av forskingssenteret Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO) på Universitetet i Bergen.

Professor Lars A. Akslen, leiar i forskningssenteret CCBIO

Lars A. Akslen leier Center for Cancer Biomarkers ved UiB

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Akslen trur supermikroskopet kan bli ein revolusjon for kreftforskinga, slik Hubble-teleskopet vart det for utforskinga av verdsrommet.

På sikt trur forskarane ei slik analyse blir vanleg for alle som har kreft. Men enno er det for tidkrevjande og tungvint.

Viktig forskingsverktøy

Teknologien er utvikla i Sveits. Universitetet i Bergen var først i Nord-Europa til å ta den i bruk, for kring tre år sidan.

Det er allereie no eit viktig verktøy i forskinga på kreften sine gåter.

Johanne sin andre dødsdom

CCBIO har nyleg fått 8 millionar kroner av Kreftforeininga til forskingsprosjektet sitt.

I eit laboratorium ein annan stad på Haukeland dyrkar postdoktor Heidrun Vethe fram svulstar frå brystkreft.

Postdoktor Heidrun Vethe på CCBIO

På CCBIO dyrkar dei fram kreftceller for å finne ut kva hemmelegheiter dei har.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– I dag er det uråd å skilje fleire typar brystkreft frå kvarandre, og å finne ein måte å lækje dei på. Det er det me håper å finne no.

Mikroskopet gjer dei mogelegheiter til å studere svulstane på eit heilt nytt vis.

– Vi konsentrerer oss om kva som skjer når svulstane utviklar nervar, forklarer Akslen.

– Mykje tyder på at dei endrar åtferd då. Det kan vise oss kva som gjer at ein kreftform blir aggressiv.

Meir detaljert kart

I Laboratoriebygget har Finne fått svar frå maskina.

Ein millimeter har blitt kring 10 centimeter på skjermen hans.

– Før kunne me sjå fire markørar, fire informasjonspunkt. No kan vi sjå meir enn 40 markørar og millionar av punkt. Så det er ein revolusjon.

Kartet over kreftcellene vert meir detaljert med ny teknologi. Kanskje kan det hjelpe forskarane å finne ei løysing på somme av gåtene som framleis er knytt til kreftsjukdom.

Overingeniør Kenneth Finne, CCBIO

Senioringeniør Kenneth Finne.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK