Hopp til innhold

Dette møter Elida (17) og Tonje (18) på mobilen: Så mykje influensar-innhald har reklame

Unge norske blir utsett frå eit «enormt kommersielt press» på Instagram, TikTok og Snapchat, slår ny rapport fast.

Frå venstre: Elida Johanne Gilleshammer (17) og Tonje Bakka (18)

KOMMERSIELT PRESS: Elida Johanne Gilleshammer (til venstre) og Tonje Bakka er leie av all skjult og open reklame som poppar opp.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– Det er jo blitt meir og meir reklame. Når eg skrollar gjennom Instagram, tar det ikkje lang tid før det kjem opp minst 2-3 innlegg, og ofte fleire på rad. Det er litt irriterande.

Det seier Tonje Bakka (18), andreklassing ved Årstad vidaregåande skule i Bergen.

Også klassevenninna Elida Johanne Gilleshammer (17) syns det kan bli for mykje av det gode.

– Det er jo reklame influensarar tener pengar på, men personleg tykkjer eg ikkje det er så veldig gøy å følga med på influensarar som berre reklamerer, seier ho.

Ni av ti 9–18-åringar og nær halvparten av 9-åringane er på sosiale medium, viser Medietilsynet si undersøking «Barn og medium 2022».

45 prosent reklame

No har Retriever Norge på oppdrag frå Medietilsynet kartlagt innhaldet i over 800 innlegg frå dei 22 mest populære influensarane blant 9-18-åringar.

Analysen viser kva barn og unge får opp i feeden sin på for eksempel TikTok, Instagram og Snapchat.

Tala dokumenterer at barn og unge blir utsette for eit enormt kommersielt press.

Det seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

For dette er hovudfunna i kartlegginga:

  • 45 prosent av innlegga inneheld reklame.
  • 17 prosent inneheld skjult, altså umerka, reklame.
  • 33 prosent av innlegga inneheld ei form for eksponering av vald, alkohol, tobakk, kropp eller seksuelt innhald.
  • Berre 2 prosent av innlegga handlar om samfunnsaktuelle tema.
Reklame på sosiale medier

Nesten annakvart innlegg frå dei mest populære influensarane for 9-18-åringar inneheld reklame.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Kropp, rus, sex og vald

Det er ein tydeleg skilnad mellom «jente- og guteinfluensarar»:

  • Eitt av tre innlegg frå influensarane som blir følgde av jenter, eksponerer tobakk, alkohol, kropp og/eller seksuelt innhald.
  • Eitt av fire innlegg retta mot gutar eksponerer animert vald, alkohol eller lettkledde kroppar.

– Mykje av dette er innhald som kan bidra både til kroppspress og avhengigheit. Barn og unge er i ein sårbar alder, der mange er usikre på seg sjølv. Dermed lèt dei seg også lettare påverke, kanskje særleg av influensarar som dei identifiserer seg med, seier Velsand.

Utanlandske influensarar har mest skjult reklame

Dei fleste innlegga med skjult reklame kjem frå influensarar utanfor Noreg. Norske influensarar merkar i all hovudsak sponsa innlegg som reklame.

Dei norske reglane om at all reklame skal merkast tydeleg gjeld også for utanlandske aktørar dersom marknadsføringa er retta mot nordmenn.

I 2022 avdekka Forbrukartilsynet 63 brot på marknadsføringslova i sosiale medium, i tillegg til mistanke om lovbrot i 30 tilfelle.

At barn og unge får mykje reklame på nett, svarer dei også sjølve i «Barn og medium 2022»-undersøkinga. Det gjeld mellom anna reklame for skjønnheitsprodukt, slanking, større musklar og pengespel.

– Både annonsørar og influensarar bør ta på alvor at sju av ti barn og unge som brukar sosiale medium, synest dei får for mykje reklame, seier Velsand.

– Gidd ikkje følga

Tonje fortel at ho får opp mykje reklame for shakerar, undertøysreklame og klede.

– Mykje av reklamane eg får opp går på kropp og korleis sjå best mogleg ut. Det er ikkje god påverknad av unge folk. Dei kan bli mykje meir usikre på seg sjølve, seier Elida Johanne.

Frå venstre: Elida Johanne Gilleshammer (17) og Tonje Bakka (18)

– Ein må alltid vera kritisk. Influensarane får jo betalt for å reklamera, seier Elida Johanne og Tonje.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Dei to jentene seier at dei nokon gonger sluttar å følga ein influensar på grunn av reklame.

– Då tenker eg at dette gidd eg ikkje lenger, når det ikkje er relevant for meg.

Inntrykket deira er at det blir stadig meir sponsa innlegg.

– Eg syns det kjem berre meir og meir. Det er nesten litt irriterande når me skal sveipe og det berre kjem reklame heile tida, seier Tonje.

Uansett om reklamen er merka eller skjult, gjeld det å vera medviten om at dei blir forsøkt påverka, meiner dei to.

Medietilsynet er oppteke av at barn og unge må lære meir om korleis dei skal handtera det kommersielle presset dei blir eksponerte for. Velsand viser til Reklameskolen frå Forbrukartilsynet som døme på eit godt læringsopplegg.