Hopp til innhold

Mediebedriftene i Bergen går saman om gigantisk medieby

Etter to år med planlegging er det offisielt: Dei fire store mediebedriftene i Bergen vil flytta saman.

Etter to år med planlegging er det offisielt: Dei fire store mediebedriftene i Bergen vil flytta saman.

VIDEO: Alf Hildrum i TV 2 og Grete Gynnild-Johnsen i NRK deltok på pressekonferansen då MediaCity Bergen blei presentert i dag.

På ein pressekonferanse klokka 12 torsdag vart det klart at alle dei fire store mediebedriftene i Bergen vil vera med på MediaCity Bergen.

TV 2, NRK Hordaland, Bergens Tidende og Bergensavisen ønskjer alle å flytta inn i ei ny medieklynge i Lars Hilles gate i Bergen, som etter planen skal stå ferdig i 2016 eller 2017.

Det digitale produksjonsselskapet Vizrt og medieutdanninga ved Universitetet i Bergen er òg med på prosjektet. Målet er at også fleire andre medieaktørar skal vera med på flyttelasset.

Slik vert den nye mediebyen i Bergen

VIL FLYTTA SAMAN: TV 2, NRK Hordaland, Bergens Tidende, Bergensavisen, Vizrt og Universitetet i Bergen vil alle få eigne lokale i den planlagde medieklynga.

Foto: MediaCity Bergen

1200–1500 arbeidsplassar

MediaCity Bergen, som er det offisielle namnet, kan verta arbeidsplass for mellom 1200 og 1500 mediefolk.

Video Alf Hildrum om OL-seieren

OPTIMISTISK: Sjefsredaktør i TV 2 Alf Hildrum.

Foto: Nyhetsspiller

– Mediebransjen er inne i ein periode med store og raske endringar. Me har derfor stor tru på å samla kreative miljø og skapa felles møteplassar på tvers av organisasjonane, seier sjefsredaktør i TV 2 Alf Hildrum.

Ideen vart først offentleg kjend i 2011 då TV 2 tok kontakt med Bergen Næringsråd og dei andre mediebedriftene i Bergen.

Etter at fire ulike eigedomsprosjekt er vurdert er det no avgjort at det skal innleiast sluttforhandlingar med Entra Eiendom om ein leigekontrakt i Lars Hilles gate 30.

Høgast i Bergen

Lokala som i dag fungerer som regionkontor for DnB skal byggjast heilt om og få eit samla areal på 45000 kvadratmeter. Bygget er i dag det høgaste i Bergen, med sine tre karakteristiske tårn.

Unni Arnøy

FORNØGD: Regionredaktør i NRK Hordaland Unni Arnøy.

Foto: NRK

– Eg er godt fornøgd med valet, og glad for at me får jobba vidare med medieklynge. Trua på prosjektet har vakse seg sterkare undervegs i prosessen, seier regionredaktør i NRK Hordaland Unni Arnøy.

Også Alf Hildrum trur prosjektet vil bety eit løft for TV 2 som i lengre tid har hatt eit ønskje om større og betre lokale.

– For TV 2 sin del ser eg fram til å få eit moderne, funksjonelt og fleksibelt mediehus som kan effektivisera tv-produksjonen og løfta oss ytterlegare, seier sjefsredaktør i TV 2, Alf Hildrum.

Medieklynge Lars Hilles gate

HØGAST I BERGEN: Bygget som i dag husar DnB sitt hovudkontor i Bergen skal byggjast heilt om. 10000 kvadratmeter skal leggjast til den eksisterande bygningsmassen.

Foto: Entra

– Stolte og glade

Det er arkitektkontoret MAD i Oslo som skal stå for utforminga av bygget, som skal få ein stor interaktiv mediefasade mot Lars Hilles gate.

Bygget skal etter planen byggjast ut med om lag 10000 kvadratmeter.

– Me er både stolte og glade for at vår løysing vart vald for å samla mediehusa og utdannings- og forskingsmiljøa i eitt felles miljø, seier Klaus-Anders Nysteen som er administrerande direktør i Entra.

Det vert òg planlagt eit såkalla Greenhouse i den nye mediebyen, eit veksthus der gründerar og småbedrifter skal kunna utvikla seg.

Endeleg avgjerd til hausten

Den nye mediebyen i Bergen er inspirert av liknande samarbeidsprosjekt i byar som Manchester og Malmö, men fire konkurrerande bedrifter som flyttar saman gjer likevel prosjektet unikt i Norden.

Ein delegasjon av leiarar frå dei ulike bedriftene var i fjor på studietur i England for å sjå på den britiske løysinga, der BBC har starta stort på fjernsynsproduksjon.

Sjølv om alle dei fire mediebedriftene, Vizrt og universitetet no har konkludert med at dei ønskjer å vera med på medieklynga, vert den endelege avgjerda om flytting tatt i august eller september.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.