63 år gamle Maeda Al-Amaa blei funnen død i si eiga leilegheit i Nattlandsveien i Bergen, natt til 12. mars i fjor.
I vegen utanfor leilegheitsbygget fann politiet mannen hennar, Abdul-Karim Al-Amaa. 60-åringen var hardt skadd, etter å ha fått fleire knivstikk.
Måndag møtte sonen deira, ein 37 år gamal mann, i Bergen tingrett. Han er tiltalt for både drap på mora og drapsforsøk på faren.
37-åringen nektar straffskuld for både drapet og drapsforsøket.
Sakkunnige meiner at mannen var psykotisk under handlinga, og aktor Benedikte Høgseth vil derfor be om at mannen blir dømt til tvungen psykisk helsevern.
Sonen budde heime
I retten forklarte faren om forløpet til hendinga.
Han fortalde at sonen deira hadde eiga leilegheit, men at han likevel budde heime hos dei i leilegheita i Nattlandsveien.
Foreldra hadde merka at sonen hadde slite psykisk, og ville derfor ha han heime. Som familien tidlegare har fortald NRK, har dei varsla helsevesenet fleire gonger om tilstanden til 37-åringen.
– Mor hans ville ikkje la ham bu aleine. Ho ville ta seg av han, stelle han og vaske kleda hans, forklarte Al-Amaa (60) i retten.
Han ville ikkje ha den tiltalte sonen i rettssalen under si forklaring.
I ei vekes tid før drapet hadde dei merka at sonen snakka usamanhengande, og sa ting som openbert ikkje stemte. Sonen var mest inne på rommet sitt.
– Eg hadde aldri trudd at dette kunne skje, sa han.
Knivstukken i slagsmål
Sjølv hadde han vore på besøk hos nokre venner drapskvelden. Då han kom heim i 02.30-tida, møtte han sonen sin i døra.
Han forklarte at sonen hans slo ham i andletet, og at det braut ut eit basketak mellom dei.
I løpet 30 minutt vart 60-åringen stukke med kniv ei rekke gonger. Skadane var livstrugande. Det var mykje blod, og han måtte krabbe ut av leilegheita.
– Eg måtte berre kome meg ut på gata. Eg visste ikkje kor kona mi var, om ho var i leilegheita eller hos dottera vår som bur i same bygg, forklarte han.
Ute på gata fekk han stoppa ein forbipasserande bil, som tilfeldigvis var ein politibil.
Ambulanse vart tilkalla, og Al-Amaa vart køyrd i all hast til Haukeland universitetssjukehus. Der skal han ha hamna rett på operasjonsstova.
Ikkje før dagen etter fekk han høyre at kona var drepen.
– Tenk å få høyre ein sånn nyheit, etter å ha vore saman i 45 år.
– Eit tragisk liv
Også den drapstiltalte sonen (37) forklarte seg for Bergen tingrett i dag. Då politiet arresterte han etter hendinga i fjor, sa han først at han hadde knivstukke to personar.
I avhøyr seinare gjekk han vekk frå denne forklaringa, og har sidan då nekta straffskuld for drap og drapsforsøk på foreldra sine.
I retten i dag sa 37-åringen at det var ein anna mann i leilegheita. Han forklarte at han såg denne personen slost med Abdul-Karim Al-Amaa og den ukjende personen knivstakk Al-Amaa.
Kven mannen var, kan ikkje den tiltalte svare på. At politiet har funne DNA-spor frå han på to knivar i leilegheita, forklarer han med at dei var vanlege kjøkkenknivar, og at han tok på dei knivane den kvelden.
Politiet har lenge vore klare på at det er ingen teikn i etterforskinga på at andre personar var til stades i leilegheita, og aktor Benedike Høgseth gjentok dette i dag.
– Eit mareritt
I ein pause i rettssaka lét Abdul-Karim Al-Amaa (60) og ein av dei andre sønene hans, Salam (29), seg fotografere for pressa.
Saman med den avdøde kona hadde Al-Amaa sju barn. Familien skildrar livet etter drapet og drapsforsøket som eit mareritt.
– Mor mi var limet i familien, sa sonen Salam (29).
– Det er eit tragisk liv. Eg mista alt; kona mi som hjelpte meg med alt, og som eg kunne tømme mitt hjarte til. Vi to hadde vore under same tak frå eg gifta meg med ho til ho døydde. Vi levde saman i gode og vonde dagar, sa Abdul-Karim i retten.
Det er sett av tre dagar til saka i Bergen tingrett.
- Les også: