Hopp til innhold

Med 2,44 i promille gjennom Førde

Med 2,44 i promille køyrde den 21 år gamle sunnfjordingen gjennom Førde sentrum. No er han dømd til fengsel og ei saftig bot.

Det var etter eit besøk i baren ei sein septembernatt i fjor at sunnfjordingen sette seg i bilen og køyrde heimatt. Vitne har forklar at dei såg mannen setje seg i bilen og køyre ut frå hotellet.

Politiet vart varsla. Då dei kom heim til mannen fann dei bilen ståande på tunet utanfor husværet. Motoren var lunken, og inne fann dei 21-åringen fullt påkledd.

Men då saka var oppe for Fjordane Tingrett nekta sunnfjordingen for å ha køyrt bilen. Sjølv påstår han at han sat på med ein ukjend person i ein pirattaxi.

- Retten festar ikkje lit til tiltalte si forklaring om han deretter sov påkledd fram til politiet kom til bustaden. Retten festar heller ikkje lit til forklaringa om at ein ukjend person må ha funne reservenøkkelen han hadde lagt bak venstre forhjul på bilen og deretter køyrt den opp til tiltalte sin bustad, heiter det mellom anna i dommen.

Fjordane Tingrett har i staden dømd mannen til fengsel i 30 dagar og ei bot på 20.000 kroner. I tillegg må mannen vere utan førarkort i to år og seks månader.