Hopp til innhold

Måtte vente ni månader på å få død mor heim

Gerd Sissel Austrheim (65) frå Nordhordland døydde på ferie på Kreta i september. Først no, ni månader etter, får familien ei grav å gå til.

Tre søsken, Frå venstre: Trine Austrheim, Odd Martin Austrheim og Merete Austrheim Rebnord

VENTA PÅ MOR: Borna til den døde kvinna fekk i fire månader beskjed om at dei måtte betala sjukehus og heimsending sjølve. No har saka løyst seg og mora er kome heim. Frå venstre: Trine Austrheim, Odd Martin Austrheim og Merete Austrheim Rebnord.

Foto: Eli Bjelland/NRK

– Mamma er kommen dit ho høyrer heime, ved sidan av pappa på grava. Det blei ein verdig slutt, men tida fram til no har vore uverdig, seier dottera Trine Austrheim.

Fredag 22. mai fekk ho og resten av familien plutseleg beskjed om at urna med mora var kome til Noreg. Då hadde dei ikkje høyrd noko i saka på to månader.

Fekk krav på 350.000

I februar skreiv NRK om ho og søskena Odd Martin Austrheim og Merete Austrheim Rebnord, som fortvilt kjempa for å få mor si heim frå ferieøya Kreta i Hellas til Noreg.

65-åringen frå Austrheim i Nordhordland hadde allereie svekka helse då ho reiste på tur med sambuaren sin. På ferieturen til Kreta døydde ho etter det som truleg var ein lungebetennelse.

Samtidig som dei kjempa for å få mora heim, purra det private sjukehuset i Hellas på eit krav om 350. 000 kroner for behandlinga dei hadde utført. Der hjelpte det lite med europeisk helsetrygdekort.

65-åringen hadde teikna forsikring hos Frende før reisa. Men forsikringsselskapet ville ikkje dekke utgiftene, fordi dei meinte at ho allereie før avreise var for sjuk til å reise på ferie.

Dermed måtte søskena klare seg sjølve.

Den første rekninga som sjukehuset i Hellas gav til borna til den døde kvinna.

FØRSTE REKNING: Dette er det første kravet frå sjukehuset i Hellas. Det var på 22.000 euro, eller i overkant av 220.000 norske kroner. Dagen etter var den totale summen rundt 350.000 kroner.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Har vore heilt åleine

– Ingen har vilja hjelpe oss. Vi har vore heilt åleine, sa dottera Trine Austrheim til NRK i februar.

Då NRK kontakta Frende i februar, snudde forsikringsselskapet og gjekk med på å dekke alle utgifter knytt til dødsfallet – fire månader etter hendinga.

Kommunikasjonssjef Heidi Tofterå Slettemoen vedgjekk samstundes at spørsmål frå NRK talte med i den nye vurderinga av saka.

– I utgangspunktet er det slik at om det skjer ein venteleg eller sannsynleg forverring av ein kjend sjukdom, så er ikkje det dekka av reiseforsikringa. Då risikerer du å bli sitjande med alle utgifter sjølv, sa Slettemoen.

Søskena reknar med at Frende har gjort opp på vegne av familien, men hevdar dei har ikkje høyrt noko frå forsikringsselskapet sidan. Dei har heller ikkje høyrd meir frå det private sjukehuset i Hellas.

Slettemoen i Frende forsikring seier selskapet har vore i kontakt med familien sin advokat og tilbydd hjelp og bistand i saka også etter februar.

Fekk lite informasjon frå Hellas

Då familien ikkje hadde råd til å frakte mora heim i kiste, var kremasjon det einaste håpet. Dette måtte ein domstol vurdere, sidan dette ikkje er vanleg i Hellas, og kommunikasjonen med greske styresmakter har vore gjennom advokat.

Dei fortel om svært lite informasjon.

– Sidan februar har det skjedd svært lite. Det har vore to høyringar om kremasjon, og i starten av mars fekk vi e-post om at ho skulle kremerast i løpet av månaden. Deretter høyrde vi ingenting før førre måndag. Då var urna kome til Noreg, seier Trine Austrheim.

Søskena seier det har vore ni vanskelege og kompliserte månadar.

– Det blir veldig mykje tankar utan at ein kan gjere noko. Vi har tenkt mykje på at det låg ein kropp i Hellas som skulle vore heime i Noreg og fått sin grav og sin fred.

– Eit verdig punktum

Til trass for ei tøff tid, kjenner familien no på at dei får eit etterlengta punktum. I dag samlar dei næraste seg til urnenedsetting ved gravplassen på Austrheim.

– Alle som døyr fortener å bli gravlagde og få ein plass som er sin. No kjenner vi at det blir godt å få sørge saman, seier Trine, og understrekar at innbyggjarane i bygda har vore fantastiske støttespelarar heile vegen.

Søskena delar historia si i håp om at andre skal sleppe å oppleve det same.

– Sørg for å ha ei god forsikring, og ver sikker på at alt stemmer før du reiser nokon stad, oppmodar dei.