Hopp til innhold

Mora har lege død i Hellas i fire månader

STORD (NRK): På eit fryserom på Kreta ligg mora deira. Sidan september i fjor har dei tre borna hennar prøvd å få ho heim. Så ringde NRK forsikringsselskapet.

Tre søsken har kjempa mot forsikringsselskapet Frende for å få den døde mora si heim frå Hellas.

KAMP MOT FORSIKRINGSSELSKAPET: Borna til den døde kvinna har i fire månader fått beskjed om at dei må betala sjukehus og heimsending sjølve. Frå venstre: Trine Austrheim, Odd Martin Austrheim og Merete Austrheim Rebnord.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Gerd Sissel Austrheim var på sin årlege ferietur saman med sambuaren sin på den greske øya Kreta då ho døydde i fjor haust.

65-åringen hamna på sjukehus med det som truleg var ein lungebetennelse. Den allereie svekte helsa hennar forverra seg drastisk på grunn av det.

I fleire år hadde ho teke medisinar mot sjukdomane sine. I fleire år hadde ho også fått kjøpa reiseforsikring utan at nokon åtvara ho.

– Det var ingenting som tilsa at den forsikringa ikkje skulle gjelda for ho, seier Odd Martin Austrheim.

– Fekk inga hjelp

Han og søstrene har i fire månader frykta at dei må betala fleire hundre tusen kroner for å få mora heim til ei grav i Noreg.

Frende forsikring meiner nemleg at mora var for sjuk til å reisa på ferie.

I bagasjen hadde ho europeisk helsetrygdekort, men det var ubrukeleg då ho hamna på eit privat sjukehus.

– Ingen har villa hjelpa oss. Me har vore heilt åleine, seier dottera Trine Austrheim.

– Blei haldne tilbake i fem timar

Ho føler seg også trua av sjukehuset på Kreta. Dei ringer ofte for å minna ho på dei 350.000 kronene ho skuldar for behandlinga av mora.

Den første rekninga som sjukehuset i Hellas gav til borna til den døde kvinna.

FØRSTE REKNING: Dette er det første kravet frå sjukehuset i Hellas. Det var på 22.000 euro, eller i overkant av 220.000 norske kroner. Dagen etter var den totale summen rundt 350.000 kroner.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Kravet kom same dag som mora døydde, og ho og søstera fekk ikkje sleppa ut av sjukehuset før dei skreiv under på at dei garanterte for summen.

– Me blei haldne tilbake i fem timar. Til slutt blei eg så redd og fortvila at eg signerte.

Ho snakka med forsikringsselskapet Frende då dette heldt på, men seier ho enda opp med å ta heile støyten sjølv.

For dyrt å få mora heim

Heime att på Stord i Noreg venta ein kamp for å få mora gravlagt. Dei har ikkje råd til å frakta ho i kiste frå Hellas, og kremasjon har vore deira einaste håp.

Det er ikkje vanleg i Hellas, men ein domstol vurderer no om dei skal få lov likevel.

– Eg tenkjer veldig ofte på at det ligg ein kropp i Hellas som burde vore heime i Noreg. Ho burde fått ein gravplass og fred, meiner Trine Austrheim.

Familien vil legga ned urna ved sida av grava til far deira i Austrheim.

Frende snur etter NRK tok kontakt

NRK møtte dei tre søskena torsdag førre veke, akkurat fire månader etter at mora deira døydde.

Dagen etter ringde NRK forsikringsselskapet Frende og bad om eit intervju om saka.

Tre dagar etter snudde Frende.

Familien får likevel dekka alt av utgifter i samband med at mora døydde. Frende seier det har vore juridisk tvil i saka, men at dei no har konkludert.

– Det er veldig hyggeleg å kunna vidarebringa til familien at dette er ei rekning som me tek, seier kommunikasjonssjef Heidi Tofterå Slettemoen.

Er det tilfeldig at dette kjem etter at me tok kontakt?

– Det er klart at når me blir kontakta av media, er det også noko som er ein del av vurderinga vår, seier Slettemoen og seier Frende forstår at saka har vore vanskeleg for familien.

Kommunikasjonssjef i Frende forsikring, Heidi Tofterå Slettemoen, seier dei skal dekka sjukehus og heimsending av Gerd Sissel Austrheim.

TEK REKNINGA LIKEVEL: Kommunikasjonssjef Heidi Tofterå Slettemoen seier Frende snur og vil no dekka kostnader til sjukehus og heimsending.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Folk med sjukdom må passa på

Slettemoen ber no alle som har reiseforsikring om å setja seg nøye inn i vilkåra.

– Det er nok mange med ein kronisk eller underliggande sjukdom som ikkje er klar over at dei kanskje ikkje er dekka av forsikringa om ein kjent sjukdom vert verre på reisa. I slike tilfelle er anbefaler vi å snakka med selskapet før ein reiser, forklarer ho.

I brevet med reiseforsikringsbevis frå Frende står det kor ein skal ringa om ein blir sjuk. Det står ingenting om at kundar med sjukdomar kan bli nekta hjelp.

Vilkåra finn ein på nettsida til Frende. Ein må sjølv leita dei fram eller ringa til selskapet og få hjelp.

Advokat Kai Mardon Fiskå representerer familien som prøver å få si døde mor heim frå Hellas.

ÅTVARAR FOLK: Advokat Kai Mardon Fiskå meiner forsikringsselskapet Frende har gøymt seg bak uklare vilkår.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Uverdig

Advokaten til dei tre søskena er sjokkert over korleis forsikringsselskapet har oppført seg i denne saka, og meiner det er uverdig.

– Eg har nesten ikkje ord for det. Ingen har fortalt denne kvinna at ho ikkje kom til å få hjelp dersom ho blei alvorleg sjuk på ferien, seier advokat Kai Mardon Fiskå.

Han har sjølv jobba i forsikringsbransjen, og meiner Frende må informera betre om vilkår.

Dei tre borna til Gerd Sissel Austrheim har i fleire månader slite med konsekvensane som manglande informasjon kan få.

– Folk på butikken spør korleis det går med å få mamma heim. Svara mine endar alltid med ei klar oppmoding om å sjekka forsikringa dei har, seier Odd Martin Austrheim.