Hopp til innhold

– Fire av dei eg fann i live, tok eg heim og avliva på grunn av skadane

NAUSTDAL (NRK): Berre fire år etter at ulven sist herja Sunnfjord, miste Odd Arne Hamre åtte lam til ulv. No fryktar han å finne meir.

Kjetil Ullaland (t.v.) og odd Arne Hamre med daude sauer

TRIST SYN: Odd Arne Hamre (t.h.) og Kjetil Ullaland viser fram nokre av lamma som måtte gje tapt etter at ulven var på ferde i Naustdal.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Fire av dei eg fann i live, tok eg heim og avliva på grunn av skadane. Fire andre var allereie drepne, og i tillegg behandla eg tre lam som går att inne på fjellet, seier Odd Arne Hamre.

Han sit på kne inne i fjøsen sin i Naustdal i Sunnfjord – eit område av landet som skal vere fritt for rovdyr. Framfor han ligg det ein bonde kanskje fryktar mest av alt: Daude lam han sjølv sende på beite for berre kort tid sidan.

Odd Arne Hamre med sauer drepne av ulv

UVANLEG: Det skal ikkje vere ulv i Sogn og Fjordane. For Odd Arne Hamre og andre bøndene er slike syn difor uvanleg.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det gjer veldig sterkt inntrykk. Vi er jo ikkje vane med store rovdyr her. Og det er ikkje så mange år sidan sist, så vi trudde ikkje det skulle skje igjen så fort, seier Hamre.

– Får du sove om natta no?

– Nei. Eg ligg jo og tenkjer på dette. Men eg må berre stålsetje meg, komme meg til fjells og prøve å finne og få kontroll på det eg har, seier han.

Sau drepen av ulv

KADAVER: Fleire av lamma til Odd Arne Hamre hadde blitt drepne eller skada av ulven.

Foto: Odd Arne Hamre

Fryktar fleire drepne sauer

Han vart møtt av eit uhyggeleg syn, då han kom opp på Hystølen i Naustdal førre veke. Eit lam hadde store skadar, og bonden trudde først det hadde hengt seg fast i eit gjerde eller noko liknande. Heilt inntil han oppdaga fleire skadde dyr. Til saman fann han fire drepne lam og ein sau, i tillegg til dei fire lamma han måtte avlive.

No er han redd for meir av same slaget.

– Eg er redd det kjem til å dukke opp meir i løpet av kort tid. Det er ikkje mogleg å seie om det vil skje hos meg eller andre, men fryktar at det blir meir, seier han.

Hydalen - åtte lam tekne av ulv

Ulven kan vere både i Sunnfjord og Nordfjord

Statens naturoppsyn har undersøkt kadavera og konkludert med at dei har blitt tekne av ulv. No har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gitt fellingsløyve på éin ulv. Fylket er prioritert beiteområde og har ikkje forvaltningsmål for ulv eller andre rovdyr.

Førebels har fylkesfellingslaget få spor å gå etter.

– Skadane er nokre dagar gamle. Og ulven flyttar seg over store område, så vi er avhengige av ferske skadar for å kunne gjere noko, seier leiar Arve Aarhus.

– Kor langt av garde kan ulven ha komme?

– Han kan vere i heile Sunnfjord og kanskje også i Nordfjord, seier Aarhus.

Ber folk ta kontakt med SNO

Arve Aarhus

FELLINGSLEIAR: Arve Aarhus er ansvarleg for fellingsforsøket.

Foto: Privat

Aarhus håpar på fleire spor eller observasjonar så snart som råd. Då kan fylkesfellingslaget starte jakt. Han oppmodar difor folk om å ta kontakt med Statens naturoppsyn dersom dei finn kadaver eller andre spor.

Ein bonde fann søndag avføring ved eit nytt kadaver i Naustdal. Det er førebels uvisst om dette er etter ulv. Driten er frosen ned og blir sendt Statens naturoppsyn for analyse.