Hopp til innhold

Måtte svare på kritikken mot den nye Vestlandsrevyen

Nokre kallar det for sniknedlegging. Andre for heseblesande tull. NRK-sjefane måtte i dag svare på kritikken etter endringa av distriktssendingane.

No vil NRK-sjefane høyre kva du tenkjer om dei nye sendetidene.

SJÅ NETT-SENDINGA: Her kan du sjå då NRK-sjefane måtte svare på kritikken frå fleire sjåarar.

– Dette er det største tullet nokon sinne. Vi rekker nesten ikkje snu hovudet før sendinga er over, seier Edin Fortun.

Fortun er langt frå aleine om å ha ei meining om Vestlandsrevyen, for på få dagar har NRK Sogn og Fjordane fått 120 e-postar, nær 500 kommentarar på Facebook, samt fleire telefonar og meldingar om dei nye sendetidene.

– Det har vore eit massivt press desse dagane, noko som har gjort eit veldig inntrykk, seier Kai Aage Pedersen, som er regiondirektør i NRK Vest.

Kan ikkje love endring

Sjåarane blei invitert til å kome med sine meiningar i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane.

– Reduksjonen i sendetid er ei dårleg løysing. Dette tek frå oss nære opplevingar med levande bilete, folk og plassar rundt oss. Kjappe sendingar på fem minutt gir oss ikkje den same opplevinga, meiner Aud Lunde

NRK-sjefane forsvarte endringane med at ein må nå publikum seinare på kvelden, og frigjere ressursar til nett og mobil.

Mange vil ha tilbake ei lengre sendinga frå kl. 18.45, men det kan ikkje Pedersen love.

– Vi skal sjå grundig på dette. Alle endringar vert evaluerte. Vi ser på omdømet og sjåartal, men på kort sikt vert det ikkje aktuelt med endringar, seier han.

– No vert det berre heseblesande

Rune Larsen var ein av innringarane som meiner at sendingane er for korte.

– Vestlandsrevyen har vore eit høgdepunkt for kvelden, og ein identitetsskapar for Vestlandet. No vert det berre heseblesande, meiner Rune Larsen.

Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer, forstår kritikken.

– Vi ser at sendingane kan vere heseblesande. Vi må tenke på innpakninga og få til ei fornying, seier han.

Terje Gilleshammer

ENDRING I SJÅARMØNSTERET: Distriktsredaktør Terje Gilleshammer seier at sjåarmønsteret har endra seg, og at fleire ser på sendingane seint på kvelden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ikkje alle er negative til dei nye endringane. Blant desse er ein mjølkebonde frå Fjærland.

– Det er positivt for oss mjølkebønder at ein har fått ei sending kl. 22.55. Den sendinga er god for oss, meiner Kjell Juklestad.

Avviser sniknedlegging

Nokre fryktar for at endring i distriktssendingane er ei sniknedlegging av distriktskontoret til NRK Sogn og Fjordane.

– Denne omlegginga er noko som skjer over heile landet, så ein kan ikkje bruke det som noko indikasjon på at vi skal gjere noko med korleis distriktskontora skal sjå ut i framtida, seier Kai Åge Pedersen.

Mariann Reikerås i Vestlandsrevystudio

MASSIVT PRESS ETTER ENDRINGAR: Vestlandsrevyen si gamle sending klokka 1845 vart frå nyttår korta ned til fire minuttar. I tillegg er det to kortare sendingar seinare på kvelden. Det har sett sinnene i kok hjå fleire sjåarar.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK