Hopp til innhold

Måtte reddast ned frå fjellet

Ei kvinne i 50-åra og sonen hennar måtte bli redda ned frå fjellet i Askvoll då dei ikkje fann stien heim igjen.

helikopter

HELIKOPTER: Det var eit ambulansehelikopter som greidde å lokalisere fjellturistane og fekk dei heim.

Foto: Arild Moe / NRK

– Dei hadde vore på langtur og gått i mange timar. Då dei ikkje fann stien ned igjen, ringde dei familien sin, seier operasjonsleiar, Wenche Hope i politiet.

Dei to er frå fylket, men ikkje frå Askvoll. Dei skal ha vore på tur i nærleiken av Rivedal, då dei mista stien.

– Dei gjekk seg skårfaste og kom seg ikkje vidare, seier Hope.

Politiet og Røde Kors sette i gang redningsaksjon i 21.30-tida fredag kveld, men det var eit ambulansehelikopter som fann dei og fekk dei ned igjen.

Laster Twitter-innhold

– Det gjekk ikkje lang tid frå dei varsla oss, til dei var funnen og kom seg ned igjen, seier Hope ved politiet.

Dei kom begge uskadde frå hendinga.

driveknolten