Maria Mena til Glopperock

Maria Mena kjem til årets Glopperock i juni. Frå før har arrangøren Madrugada og Idol-Tone på plakaten.

Maria Mena
Foto: Heiko Junge / Scanpix

19 år gamle Maria Mena har markert seg langt utanfor landegrensene. Ho har gjeve ut fire album og delteke blant anna i David Lettermann Show i USA.

Ho vert jamleg spelt på MTV og har vore nominert til Spelemannsprisen og MTV Europe Awards.

Glopperock vert arrangert andre helga i juni i Jølet på Sandane.