Hopp til innhold

Mann til sjukehus etter gasseksplosjon i garasje

Ein mann i 50-åra er flogen til Haukeland universitetssjukehus i Bergen etter ein eksplosjon i ein garasje på i Bøvågen på Radøy. Skadeomfanget er ukjent.

KRAFTIG SMELL: Politiet blei varsla om eksplosjonen klokka 2.21 i natt.

Eksplosjonen kan vere forårsaka av propangasslekkasje, melder Vest politidistrikt på Twitter klokka 04.40 .

Politiet fekk beskjed om eksplosjonen i Nordhordland klokka 02.21 natt til laurdag via AMK-sentralen.

– Ein mann i 50-åra som oppheldt seg i eit tilstøytande rom til garasjen, er flogne med luftambulanse til sjukehus med brannskadar. Han var medviten då han vart teken hand om, men vi veit ikkje noko meir om skadeomfanget, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til NTB.

Eksplosjonen skjedde i ein privat garasje og bebuarane i huset høyrde eit smell. I garasjen var det seg fleire propanflasker av den typen som gjerne blir nytta i campingvogner og båtar.

– Vi antek at lekkasje frå desse kan vere ei årsak, men det er for tidleg å seie noko konkret om dette. Brannmannskapa opplyser at alle flaskene ser ut til å vere intakte, men det kan vere lekkasje frå ein av desse som har fordampa ut i garasjen og ha vorte antent. Eksplosjonen var såpass kraftig at garasjeporten er trykt godt utover, opplyser Rebnord.

Til BA seier Glenn Hamre ved 110-sentralen at dei assisterte helse og politi, men at det ikkje var nokon brann.

– Det var ei garasjedør som var smelt ut og slike ting, seier Hamre.