Mannen var bevisst då han vart flogen til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.
Alle naudetatane rykka ut då politiet fekk melding om arbeidsulukka klokka 15.47.
Firda.no skriv at mannen var oppe av siloen kring ein time etter at han fall ned i siloen. Hendinga vart meldt av familiemedlemmer som var til stades då ulukka skjedde.
Brannvesenet hjelpte til med å heise mannen opp av den tomme siloen.
– Vi sende ut eit mannskap på sju personar frå Dale. Desse kom raskt fram til staden, og fekk mannen opp frå siloen, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Oddbjørn Aune.