- I starten av desember hadde vi hatt 500 dagbesøk hjå oss, og det har vore mange etter den tid og. Det er ei stor auke frå i fjor då vi hadde 160 slike besøk heile året, seier Wenche Hovland, dagleg leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane.
Treng meir midlar
Dei har no bedt kommunane som finansierer krisesenteret om meir midlar slik at dei kan ta seg av alle dei nye brukarane.
- No har vi ikkje tid til å hjelpe dei så godt som vi ynskjer, Vi må ha fleire folk, seier Hovland.
- Dette er kvinner som ikkje har bruk for overnatting, men som treng hjelp med ulike ting. Dei kan vere kvinner som har budd på krisesenteret tidlegare som treng hjelp i reetableringsfasen, eller andre som ikkje har vore hjå oss før men som treng hjelp i kvardagen, legg ho til.
Mange utanlandske
Svært mange av desse er utanlandske kvinner med lite sosialt nettverk som treng hjelp for å finne ut av det norske hjelpesystemet.
- Det er både kvinner som er gift med norske menn og asylsøkjarar som er gifte med menn av same etnisitet, seier Hovland.