Hopp til innhold

Fleire trafikkuhell i vest og sør – ber folk om å la bilen stå viss dei kan

Bilar har køyrt utfor fleire stader og både flytrafikken og mange bussruter er hardt ramma av snøkaos og glatte vegar i Vestland, Rogaland og Agder.

Lastebil sperrar vegen på Kokstad

SJÅ VIDEO: Ein lastebil sperrar eine køyrefeltet på Kokstad i Bergen.

– Det har vore frykteleg travelt, og det kjem masse meldingar om glatt veg. Folk ringer frå heile Vestland, men i hovudsak frå bergensområdet, sa trafikkoperatør Brynjar Robertson i Statens vegvesen tysdag morgon.

Det er brøyta, men med såpass mykje snø, kjem det til å ta tid å få vekk alt.

– Lat bilen stå viss du kan, er oppmodinga frå Robertson.

Brøytebil velta i Sandnes

På Hommersåk i Sandnes fekk naudetatane tysdag morgon melding om at ein brøytebil hadde velta. Frode Skjørstad høyrde smellet da det store køyretøyet velta på vegen.

– Eg sto heime og gjorde meg klar til å reisa på jobb. Så small det gyseleg nede ved vegen og da så eg at det låg ein brøytebil på sida, seier han.

Skjørstad var første mann til staden

Brøytebil i grøfta på Hommersåk i Sandnes. Frode Skjørstad var først på staden.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Skjørstad trur smellet kom fordi brøytebilen trefte ein steinmur. Han løp ut for å assistera sjåføren.

– Eg fekk hjelpt han ut. Han såg forholdsvis fin ut, men klaga litt på vondt i ryggen, seier Skjørstad.

Ifølgje politiet kom brøytebilen for langt ut av køyrebanen og tippa over på sida. Bilen ligg no utanfor vegen. Det skal ha gått bra med sjåføren.

Fleire uhell og ulukker

Dette er noko av det som har skjedd i trafikken tysdag:

  • Ein bil har køyrt av vegen og inn i ein stein på Esketveitveien i Grimstad. Føraren er ute av bilen, og er oppegåande. Politipatrulje er på staden.

  • Ein personbil køyrde av vegen på riksveg 13 mellom Kinsarvik og Lofthus i Hardanger. Føraren er ikkje skadd, og vegen er open.

  • To bilar var involverte i ei trafikkulukke på Radøyvegen ved Storheim i Alver. Begge førarane er vakne og medvitne, melder politiet.
  • Eit vogntog fekk problem i bakken frå Trengereid opp mot Gullbotn. Eine feltet blei sperra, og det førte til kø i området. Vogntoget har no kome seg inn i ei busslomme, melder Vegtrafikksentralen.
  • Politi og ambulanse rykte ut etter melding om ei trafikkulukke i Austrheimvegen i Nordhordland. To bilar og tre personar er involverte. Ifølgje politiet er alle ute av køyretøya.
  • To personbilar var involverte i eit trafikkuhell på Hagavik i Bjørnafjorden. Begge førarane er vakne og medvitne, og dei er ute av bilane.
  • Frontkollisjon i Sandnes, med to bilar involvert. Den eine bilføraren er køyrt til legevakta.
  • Trafikkuhell i Tysvær, mellom Aksdal og Skjold. To bilar er involvert, og det er kø på staden.
  • Trafikkuhell på Haukelivegen. Ein person er tatt hand om av ambulansepersonell.
  • Kjedekollisjon med fire bilar i Stavanger. Her var og ein ambulanse involvert i uhellet. Ingen personar blei skadd.
  • I føremiddag fekk to vogntog trøbbel på føret på fylkesveg 44 like ved Svegeskogen vest for Flekkefjord. Både der og i Nulandsbakken på E39 i Flekkefjord har det vore lange køar.

  • I Grimstad har eit køyrety hamna i autovernet. Politiet opplyser at det er svært glatt på staden.

To vogntog fikk trøbbel på føret på fylkesvei 44 like ved Svegeskogen vest for Flekkefjord

GLATTE VEGAR I SØR: To vogntog fekk trøbbel på føret på ved Svegeskogen vest for Flekkefjord.

Foto: Lars Gunnar Eie / NRK

Mildvêr kan gjera det endå glattare

Snøen skaper trøbbel for flytrafikken frå Bergen Lufthamn. Fleire av avgangane er blitt innstilte eller har fått ny tid.

– I periodar med mykje snøvêr er det vanleg at ein må stenga i kortare periodar, seier Line Haugland, som er pressevakt i Avinor.

Dei reisande blir bedne om å møta til planlagt tid, og forholda seg til informasjon frå flyselskapet.

Det er også store problem for kollektivtrafikken i bergensområdet. På nettsidene til Skyss kan du halda deg oppdatert om stoda.

Politiet fryktar at mildvêr utover morgonen skal gjera vegane glattare.

– Det er venta at snøen går over til regn, som kan frysa på bakken. Me ber folk om å køyra forsiktig og berekna ekstra god tid på morgonen, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Jørgen Ommedal.

Snødekt veg ved Totland

SNØDEKT VEG: Mange stader dekker snøen vegbanen, og brøytemannskapa rekk ikkje over alt.

Foto: CATO HELDAL KRISTENSEN / NRK

– Folk må ha meir respekt for brøytebilane

Ein av dei som har vore ute på vegane i Bergen i heile natt er brøytebilsjåfør Arild Taule.

– Det har vore ekstreme forhold, seier han, og ber bilistar ha meir respekt for brøytebilane.

Ifølgje Taule er det til dømes fleire som ikkje slepp brøytebilane ut frå busslommer, sjølv om dei blinkar seg ut.

– Det er heilt ufatteleg at enkelte personbilar ikkje har meir respekt for dei som er på vegen for å rydda. Det er ei skam.

Brøytebil på Totland i Bergen

TRAVEL MORGON: Brøytemannskapa jobbar på spreng ved Totland i Bergen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Kan ikkje lova betre køyreforhold

Meteorolog Lars Andreas Selberg seier det er ein front som ligg over oss no som har gitt ein del snø.

Meteorolog Lars Andreas Selberg ved Vêrvarslingar på Vestlandet

Meteorolog Lars Andreas Selberg.

Foto: Cato Kristensen / NRK

– Etter kvart kjem det inn mildare luft. Denne fronten passerer, det blir overgang til regnbyer, fort snøbyer i indre og høgare strøk. Det kjem til å blåsa litt også. No ligg det på sørleg opp i stiv kuling på kysten, i føremiddag vil det dreia på vest og nordvest og vil blåse stiv og periodevis sterk kuling ved kysten og høgt til fjells.

Selberg kan ikkje lova betre køyreforhold utover dagen.

– Forhåpentlegvis kan brøytemannskapa ordna det slik at det bli bra køyreforhold.