Ekstremvêret Dagmar i romjula 2011 gjorde at mange stader i fylket stod utan straum i fleire dagar. Ei kartlegging av fylkesmannen like etter uvêret viste at minst 10 av 26 kommunar ikkje hadde naudstraum til sjukeheimar og omsorgsbustader.
Ein ringerunde NRK har tatt fire år etter, viser at sju kommunar framleis manglar naudstraum til sjukeheimar eller omsorgsbustader. I fire av desse er aggregat for naudstraum vedteke og skal byggjast i 2016 og 2017. Men tre av dei, Vik, Gaular og Hyllestad, har ikkje gjort vedtak om naudstraum.
– Generelt er situasjonen betre, men det står att arbeid nokre stader. Med ein aldersheim utan lys, utan varme, og med krevjande brukarar, tenkjer eg at det fort kan vere kritisk viss straumen blir vekke over tid, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.
- Sjå tabell med status i kommunane nedst i saka.
- Les også:
- Les også:
– Skulle gjerne hatt råd
– Ideelt sett skulle vi hatt råd til mange ting, men det er ikkje slik vi lever i små kommunar. Dette er ein av tinga vi dessverre har måtta nedprioritere, seier rådmann i Hyllestad, Bente Nesse.
Ho seier dei har to forsyningslinjer og varmekjelder som gassomn og peis, men skulle gjerne hatt naudstraum.
– Vi har gjort risikovurderingar, og to linjer og alternative varmekjelder gjer at dette ikkje har vore prioritert. Så får vi kanskje vurdere det på nytt, seier Nesse.
I Vik og Gaular finst pengar til aggregat for naudstraum i økonomiplanane for dei neste åra, men framleis må politikarane seie ja eller nei til endelege løyvingar før installasjon.
– Vi har ikkje teke stilling til kor stort aggregat vi eventuelt skal satse på, og om vi skal dekke omsorgsbustader i tillegg til sjukeheimen. Vi har opplevd ei sikker straumforsyning og fått garantiar frå Sunnfjord Energi at vi har sikker forsyning på Sande. Det prekære behovet har ikkje vore her, seier rådmann i Gaular, Helge Følid.
– Naudstraum må til
Haavard Stensvand forstår at kommunar må vege millioninvesteringar i naudstraum mot andre viktige oppgåver, og har ingen lov han kan bruke til å tvinge kommunane til å sikre naudstraum.
Likevel er han sikker i sin sak.
– På omsorgsinstitusjonar med brukarar som stadig blir tyngre, skulle det forundre meg veldig om konklusjonen kan bli ein annan enn at naudstraumsaggregat må til for å sikre forsvarleg straumforsyning og forsvarleg drift når dei ordinære systema ikkje fungerer.
Og det kan skje sjølv med tilsynelatande god forsyning, meiner Stensvand.
– Viss vi tenkjer tilbake på Dagmar, såg vi kommunesenter med tre og heilt opp til fem ulike innførslar av straum, som likevel vart straumlause over lang tid.