Hopp til innhold

Mange meldingar om festbråk over heile landet

Over heile landet melder politiet om festbråk og forstyrringar i samband med privatfestar i natt. Politiet har fått inn fleire hundre klagar.

Bryggen i Bergen

TRAVEL NATT: Politiet i Bergen samanliknar natt til søndag med nyttårsaftan, etter mykje festbråk og uro.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

– Det har vore veldig, veldig travelt og ganske likt nyttårsaftan-tilstandar, fortel operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Frå klokka 23:00 laurdag kveld til 05:30 blei det registrert 65 oppdrag knytt til festbråk og forstyrring av nattero i Bergen og området rundt.

– Det har vore slagsmål og ordensforstyrringar, men heldigvis ingen alvorlege hendingar. Vi har ikkje hatt kapasitet til å rykke ut på alt, men har avslutta ein del av desse festane med munnleg pålegg.

Han seier det er same tendensar som natt til laurdag då dei fekk inn rundt 50 meldingar om festbråk i løpet av seks timar.

Også andre stader i Vestland har det kome meldingar om festbråk natt til søndag. Det same gjeld resten av landet. VG skriv at talet er over 400.

Politihuset i Trondheim - Sentrum politistasjon

BRÅK: Politiet i Trondheim måtte til slutt melde arrangøren av ein privatfest.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Arrangørar politimelde

I Trondheim blir ein arrangør av ein privatfest meldt etter festbråk. Då politiet for andre gong måtte rykke ut til festen på Møllenberg, var det nok.

– Politiet ønsker jo ikkje å måtte kome mange gonger til den same plassen. Når vi gir eit pålegg til ein ansvarleg arrangør, ønsker vi at det blir følgd slik at vi slepp å bruke ressursar på same staden fleire gonger, operasjonsleiar hos politiet i Trøndelag, Kirsten Bergstrøm.

Arrangøren blei difor politimeld for ikkje å ha retta seg etter beskjeden frå politiet.

Bydelen Møllenberg i Trondheim har heile den siste veka vore prega av festbråk nattetid. I bydelen bur det mange studentar, men politiet vil ikkje sei om det var ein studentar som stod bak den aktuelle festen.

Politiet har totalt loggført 86 telefonar om festbråk i Trøndelag frå fortvilte naboar, spesielt i Trondheim.

Travelt landet rundt

Også i fleire andre politi distrikt har det vore mykje å gjere:

  • I Sør-Vest politidistrikt fekk dei 50 meldingar i løpet av fire timar.
  • I Hedmark og Oppland kom det 52 klagar på festbråk og støy.
  • Troms politidistrikt har rykka ut til festbråk på ei rekkje adresser i Tromsø og Harstad.

I Harstad blei arrangøren beden om å redusere talet på gjester då det var fleire enn 20 personar til stade. Og i Alta blir ein politmeld får ikkje å avslutte ein bråkete fest.

Politiet måtte gripe inn i 12 heimefestar i Møre og Romsdal på grunn av mykje støy. Dei har fått inn totalt 48 støyklagar, noko som er meir enn normalt.

– Når vi får så mange meldingar, må vi bundne opp i desse hendingane. Vi skulle gjer brukt ressursane våre på andre ting, seier operasjonsleiar Atle B. von Obstfelder i Innlandet politidistrikt.

Fadderuke-samling i Nygårdsparken i Bergen

AVLYST: Universitetet i Bergen avlyste alle kveldsarrangement i fadderveka, og Bergen kommune la ned forbod mot private samlingar med meir enn 20 personar denne veka.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Samanheng med skjenkestopp

Det er innført skjenkestopp frå midnatt kvar dag, i tillegg til at folk blir rådd frå å samle seg meir 20 personar på grunn av smittevernomsyn.

Operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt trur mykje av bråket har samanheng med at det generelt er mykje folk ute, fint ver, avslutning på fadderveka og skjenkestoppen.

– Når utestadane stengjer skjenkinga ved midnatt, har nok mykje av skjenkinga og støyen halde fram på heimeadresser. Det har nok utan tvil ein samanheng.