Hopp til innhold

Makrellstørje på over 300 kilo herja i merden

Ei makrellstørje på 330 kilo klarte å koma seg inn i ein laksemerd på Osland i Høyanger. Kjempa på nesten tre meter vart avliva til slutt.

Makrellstørje

STOR FISK: Makrellstørja var tung, og vart teken på not.

Foto: Osland Havbruk

Det oppstod ei beredskapshending på Osland havbruk i Høyanger då det dukka opp ein ubunden gjest i laksemerden.

Makrellstørja vog 330 kilo, og var 282 centimeter lang.

Dagleg leiar i Osland Havbruk, Marte Hatlevik, seier dette er fyrste gong dette skjer i selskapet.

– Det vart oppdaga ved oppstart av fôring i dag tidleg. Det vart sett beredskapsgruppe med ein gong, og sendt ut vaktlag og servicebåt, seier Hatlevik til NRK.

Makrellstørje

Fisken er sendt til eit fiskemottak i Bergen, og blir nytta til mat.

Foto: Osland Havbruk

Ho seier dei tek hendinga alvorleg, og at dei jobbar for å unngå rømming.

Makrellstørja vart fanga med orkastnot, og avliva av jeger.

Det er framleis arbeid på staden for å hindra rømming av laks, med fleire ressursar i sving.

Jeger på merdkanten

Havbruksselskapet har hatt dialog med Fiskeridirektoratet gjennom heile dagen, og har jobba med å identifisera og tetta hol i merden.

– Det er uvanleg for oss at det må ein jeger ut på merden, seier Hatlevik.

Fisken vart avliva av jegeren med jaktrifle, med spesialløyve frå Fiskeridirektoratet.

Makrellstørja blir levert til eit fiskemottak i Bergen, og blir nytta til mat.

Ein kan undrast over kor mange munnar ein fisk på 330 kilo kan metta.

Les også Verdens dyreste fisk ble til dyrefôr – nå kan den spises

Makrellstørje

Svømte jorda rundt

Makrellstørje er ein dyktig svømmar, og kan nå ein fart på rundt 70 kilometer i timen, og blir av og til kalla «havets Ferrari».

I tillegg til å svømma fort, kan dei òg svømma langt. I fjor skreiv NRK om makrellstørjer som svømte jorda rundt.

Les også Norsk makrellstørje svømte «jorda rundt»

Norsk makrellstørje svømte «jorda rundt»