Hopp til innhold

June Andenæs ventar barn, men har planar om å halde fram handballkarrieren

June Andenæs frå Gloppen er heime att i Norge etter å ha spela i russisk topphandball i nesten ein sesong. Årsak: Ho ventar barn.

June Andenæs mot Thüringer HC

IKKJE FERDIG SOM HANDBALLSPELAR: June Andenæs (her i kamp for Byåsen), har planar om å kome kjapt tilbake som handballspelar etter fødselen.

Foto: Mario Gentzel / pictureteam

Framfor denne sesongen tok ho eit overraskande val. Ho forlet Byåsen og norsk toppserie og vart den første norske spelaren i russisk topphandball i klubben Lada.

– Fantastisk oppleving

No vart det med i underkant av ein sesong. June måtte avslutte opphaldet i Togliatti i Russland før sesongen var over på grunn av graviditeten, men ho er veldig godt nøgd med å ha tort å satse på russisk handball.

– Det var ei fantastisk oppleving. Eg har ikkje angra eit sekund på at eg reiste dit. Eg vart veldig positivt overraska over kor hyggelege folk var. Eg hadde venta at det skulle bli utfordrande, og det har det og vore, men mest med tanke på språk og kommunikasjon.

Men det som har skjedd på handballbana har June Andenæs vore veldig godt nøgd med.

June Andenæs

- ANGRAR IKKJE EIT SEKUND: June Andenæs fekk eit positivt inntrykk av russisk handball.

Foto: Privat

– Det har vore veldig kjekt, i møte med ein serie som var veldig jamn og med spelarar eg aldri har spelt mot før. Det har vore ei veldig positiv oppleving.

– Fekk du spele så mykje som du hadde håpa?

– Både ja og nei, i enkelte kampar fekk eg spele veldig mykje, i andre litt mindre. Eg fekk aldri vite kvifor eg spelte mykje eller lite, men alt i alt har eg fått brynt meg mot dei beste russiske spelarane. Og det er kjekt at det er såpass konkurranse om å få spele. Det gjer meg meir skjerpa.

Tredjeplass i serien

Litt russisk fekk ho lært seg i løpet av opphaldet, men ikkje så mykje at ho kan ha særleg nytte av det.

– Eg har lært meg nokre høflege fraser og nokre handballuttrykk, men det kjem eg nok ikkje så langt med.

Lage hennar, Lada, enda på tredjeplass i den russiske serien, og held no på med sluttspelet, utan June.

– Men eg kan iallfall skilte med ein tredjeplass i den russiske serien.

– Vil kome kjapt i gang att

June Andenæs og sambuaren er no tilbake i Trondheim, og dei ventar barn i september. No går det i studier og jobbsøking. Men ho er klar på at det at ho blir mor ikkje betyr at handballkarrieren er slutt.

– Eg er veldig innstilt på å kome i gang att. Så får vi sjå på kvar det blir og kor fort det blir. Men eg har godt tru på at det skal gå bra. Eg har lyst på å kome i gang att kjapt. Eg har høyrt om andre som har kome i kjempeform etter ein fødsel, så eg håpar også på eit lite løft.