Hopp til innhold

Gamle brakker blir til studenthyblar

Det er mange studentar som har hatt det vanskeleg for å finne seg ein stad å bu i Førde til hausten. Dag Jøran Hjelmeland bestemte seg for å gjere noko med det, og har gjort om gamle arbeidsbrakker til 40 studenthyblar på Øyrane.

Hyblar

ARBEIDSBRAKKER: 40 studentar skal bu i dei gamle arbeidsbrakkene på Øyrane.

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

– Eg veit det har vore stor mangel på studenthyblar i Førde, så eg bestemte meg rett og slett for å satse på studentane, seier Hjelmeland.

Tidlegare har Hjelmeland leigd ut arbeidsbrakkene til snikkarar og andre arbeidarar, men med lite aktivitet og få som bur der, og ville han gjere noko nytt.

Etter å ha lese om stor mangel på studenthyblar i Førde bestemte han seg for å løyse hybelkrisa på ein original måte, og bestemte seg for å leige ut arbeidsbrakkene til studentar i staden.

Stor pågang

Etter at han la ut annonse for hyblane i avisa, er det mange som har kontakta han.

– Pågangen har vore enorm, det er tydeleg at det er mange studentar som treng ein stad å bu, fortel utleigaren.

Hyblane er 10 kvadratmeter store og, der er eit fellesområde for studentane med tilgang til fjernsyn og bordtennis.

Dei gamle arbeidsbrakkene rommar 40 hyblar, og Hjelmeland seier han håpar å få leigd ut minst halvparten av hyblane allereie i år.

(Artikkelen held fram under biletet)

hybel

HYBLAR: No er det studentar som skal bu i dei tidlegare arbeidsbrakkene

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

Kristoffer Ole Nordal Fjellestad (16) flyttar frå Stavang for å gå på Øyrane Vidaregåande til hausten. Han og kameratane Jim Andre Daleng og Ole Henrik Stavik har vore på leiting etter hybeler lenge.

– Dette var siste utveg. vi har leita lenge, men alt er utleigd. Dessutan har jo alle hyblane eige bad, det er jo eit stort pluss, seier Fjellestad.

Dei fortel at hyblane er i minste laget, men at dei ligg sentralt på Øyrane er eit stort pluss.

(Artikkelen held fram under biletet)

studenthyblar

Jim Andre Daleng (16), Kristoffer Ole Fjellestad (16) og Ole Henrik Stavik er nøgde med å endeleg ha funnet ein stad å bu.

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

– Litt skeptisk

Mor til Kristoffer, Monika Nordal Nordstrand seier ho er litt skeptisk på korleis det vil gå med så mange unge studentar samla på ein stad.

– Ja, eg er jo litt skeptisk sidan det er så stort og så mange samla på ein stad. Ein høyrer jo om slike festbuler, eg håpar jo at dette ikkje vert ein slik stad, seier Nordstrand.

Også Hjelmeland sjølv har teke imot telefonar frå skeptiske foreldra som lurer på om dette blir den nye feststaden for ungdomar i Førde, men det forsikrar utleigaren om at det på ingen måte vil bli.

Strenge reglar

For å sørgje for at arbeidsbrakkene ikkje skal bli ein stad ungdomane kjem for å feste har Hjelmeland innført strenge reglar på hyblane.

Det er eit totalforbod mot alkohol og røyking på hyblane og det skal vere stille på hyblane seinast klokka 22.00. I tillegg vil det vere ei vakt på området heile døgnet som skal kontrollere at romma blir vaske og at studentane følg alle reglane.

– Desse reglane er sjølvsagt tryggjande for meg som mor. Det verkar som dei tek dette på alvor og ikkje berre er ute etter å tene pengar på ungdomar som treng ein stad å bu, seier Fjellestad.