Hopp til innhold

Må legge vekk over halvparten av dyrekrimsakene

Dyrepolitiet har ikkje nok folk til å ta hand om alvorlege dyremishandlingssaker. No slår fleire alarm.

Inger

URO: Mange er bekymra for at dyrepolitiet i Vest ikkje fungerer slik det bør. Også påtalejuristen hos dyrepolitiet, Inger Helen Stenevik, er uroleg for at dei ikkje greier å ta hand om alle sakene som kjem inn.

Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

– Det er veldig synd, seier påtalejurist Inger Helen Stenevik.

Ho sit åleine på dyrepolitikontoret i Florø i Vest politidistrikt. Dei to andre etterforskarane som jobba her, har flytta eller slutta - utan at desse har blitt erstatta.

Dyrepolitiet i Vest var, saman med Trøndelag, det første i Noreg. Med øyremerkte midlar skulle dyrepolitiet vere ein spydspiss i satsinga på dyrevelferd. No får politiet kritikk både internt og eksternt for å ha svikta oppdraget.

Det får konsekvensar.

22 av dei 40 sakene dei har behandla ferdig sidan oppstarten i 2018, er blitt lagde vekk. Mange hadde blitt for gamle då etterforskinga kom i gang- eller så var det ikkje folk til å etterforske dei, fortel påtalejuristen.

– Vi har hatt grove saker med alvorlege sjuke dyr som nesten ikkje kan gå. Hundar så underernærte at dei nesten ikkje overlevde. Saker som blei sett på vent på grunn av kapasitetsomsyn, seier Stenevik.

I dag har ho med seg ein etterforskar i Bergen som får jobbe delvis med dyrekrim. For å få unna saker, har dei no blitt nøydde til be politifolk i distrikta om hjelp.

– Dyrepolitiet fungerer ikkje slik det var tenkt, seier påtalejuristen.

Slår alarm

Men ho er ikkje åleine om å meine dette. Fleire slår no alarm.

– Vi føler politiet gjer seg så vanskelege som mogleg for å sleppe å etterforske vald mot dyr, seier Live Kleveland, jurist hos Dyrevernalliansen.

Ho reagerer på at dyrepolitiet sine ressursar er spreidd utover og at det ikkje er nok folk som jobbar med feltet.

Live Kleveland i Dyrevernalliasnen meiner at dyrepolitiet i Vest politidistrikt ikkje brukar nok pengar på å jobbe mot dyrekriminalitet.

IKKJE NOK: Live Kleveland i Dyrevernalliansen meiner politiet har fått nok pengar og at dei ikkje kan gøyme seg bak unnskyldningar om pengemangel.

Foto: Iselin Linstad Hauge / Dyrevernalliansen

Politiet har tidlegare forklart det halvtomme kontoret i Florø med rekrutteringsproblem.

No har ei ny forklaring kome opp: Pengemangel, seier politisjef Kjetil Rekdal til avisa Firda.

Men dette er det fleire som ikkje kjøper, mellom anna stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp) frå Hordaland. Ho seier dyrepolitiet fekk øyremerkte midlar i oppstarten og at dei framleis får ein fast pengesum til dette feltet.

Politikaren har blitt kontakta av fleire som er urolege for dyrepolitiet i Florø. Hjemdal tok difor bekymringa med i eit skriftleg spørsmål til justis- og beredskapsminister Emilie Mehl.

Silje Hjemdal

REAGERER: Silje Hjemdal i Frp kjempa i si tid for å få på plass eit landsdekkande dyrepoliti. No meiner ho at det blir utradert.

Foto: Ida Yasin ANdersen / NRK

Ministeren viser til at det blei øyremerkt midlar i 2018 til dyrepoliti i Hedmark og i Florø. «Midla er vidareført som ein varig auke sidan 2018, og eg legg til grunn at dei vert nytta i tråd med Stortingets vedtak og i samsvar med føringar gitt i tildelingsbrevet», skriv Mehl.

For Hjemdal og Dyrevernalliansen er dette klar tale: Pengepotten på 1,8 mill. årleg skal gå til dyrepoliti, og dermed bør ikkje dårleg økonomi vere eit argument frå politiet si side.

I fjor blei det bestemt at alle politidistrikt skulle få dyrepoliti på plass innan 2021.

Politiet: Brukar pengane på det vi skal

Frode Karlsen, seksjonsleiar for økonomi, miljø og arbeidsmarknadskriminalitet i Vest politidistrikt, seier midlane dei fekk til dyrepolitiet var øyremerkte i oppstarten, men at dei ikkje er det lenger.

Han meiner det uansett ikkje er så viktig om pengane er øyremerkte eller ikkje.

– Kvifor er ikkje det viktig?

– Så lenge vi brukar pengar til formålet, så er ikkje det eit stort poeng. Vi brukar betydeleg etterforskingskapasitet på dyrevelferdssakene.

Han seier dei følger intensjonen med dyrepolitiet, og at dei har gode resultat å vise til.

Men Karlsen er også klar på at pengesekken er for liten og at dei har kapasitetsproblem, slik som påtalejuristen også seier.

– Det gjer at vi må prioritere aktivt, og at også dyrekrimsaker nokre gonger må veljast vekk.

– Saboterer

Live Kleveland i Dyrevernalliansen er klar på at heile poenget med å øyremerke midlar til formålet, er å forhindre nettopp slike prioriteringsspørsmål.

– Dette er i strid med Stortinget sin intensjon, seier Kleveland, som meiner politiet er illojale.

Juristen stiller også spørsmål ved bruken av midlar i andre politidistrikt, som Sør- Vest og i distrikt i aust.

Frp-politikar Silje Hjemdal vil ha ei evaluering av dyrepolitiet.

– Det må ryddast opp i denne saka, seier ho.

Juristen i Florø, Inger Helen Stenevik, er samd. For sjølv om dyrepolitiet får mykje skryt for dei sakene dei prioriterer, veit ho så altfor godt om alle sakene som dei ikkje har tid å ta hand om.

– Hadde vi fått dei ressursane vi treng, hadde vi greidd endå meir. Og det fortener dyra.