Hopp til innhold

Sp-nedtur før valet - Liv Signe må kjempe for mandatet

Dramatisk meiningsmåling for Senterpartiet i Sogn og Fjordane på opningsdagen for landsmøtet deira i Loen. Partiet har fått halvert oppslutninga og Liv Signe Navarsete risikerer å miste mandatet.

Liv Signe Navarsete

IKKJE LYSTIG LESNAD: Liv Signe Navarsete les tala frå meiningsmålinga som syner svært låg oppslutning no i forhold til røystetala frå førre Stortingsval.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vakre Loen ligg bada i vårsol medan Sp-delegatar frå heile landet sjekkar inn på Hotel Alexandra.

Her i partileiaren sitt heimfylke skal partiet spikre politikken og legge strategien fram mot valet.

Men ei meiningsmåling utført av Respons for NRK og Bergens Tidende er ein kraftig kalddusj. For veljarane i eitt av partiet sitt sterkaste fylke, flyktar frå SP.

Elendig måling

Berre 13,9 prosent i Sogn og Fjordane vil røyste Senterpartiet mot 25 prosent ved forrige stortingsval. Det kan bety at Liv Signe Navarsete berre er nokre få hundre røyster frå å miste sitt mandat.

Navarsete sjølv vedgår at målinga er elendig:

– For det fyrste er det altfor lågt, andre målingar har vist andre resultat, men vi forheld oss sjølvsagt til denne målinga, og den viser at vi har ein jobb å gjere.

Vallovnader hjelp ikkje

Dei siste vekene har Navarsete levert kraftige valløfter til veljarane i vest. Men ferjefri E39 innan 20 år og eit endeleg ja til Stad skipstunnel har kanskje ikkje gitt utteljing.

Seint torsdag kveld kom også nyheita om at regjeringa løyver 17,5 milliardar ekstra fylkesvegane.

– Eg meiner at eg har levert gode resultat i Sogn og Fjordane. kommuneøkonomien er gjenreist etter Erna Solberg si rasering. Samferdsle er høgt på dagsordenen ikkje minst i vårt fylke, både ferjefri E39 og Stad skipstunnel og mange andre viktige prosjekt. Her er låg arbeidsløyse, god næringsutvikling og landbruket har fått eit inntektsløft, meiner Navarsete.

Respons sitt partibarometer for NRK og BT april 2013:

Meiningsmåling april 2013

Parti

Stortings-valget 2009

Respons 9. mars 2012

Respons 16. oktober 2012

Respons 4. april 2013

Rødt

0.9

0.6

0.5

0.8

SV

5.8

5.5

4.4

3.9

Ap

29.6

31.5

27.4

27.1

Sp

25.2

13.6

13.1

13.9

Venstre

3.3

9.9

5.4

6.7

KrF

6.8

7

6.9

8.6

Høyre

12.1

21.1

32.7

29

Frp

15.8

10.7

8.5

8.6

Andre

0.4

0.3

1.1

1,4*

*Gruppa 'Andre” består denne gangen av MDG med 0,8 % og De Kristne med 0,6 %.

*Gruppa Andre er MDG med 0,8 % og De Kristne med 0,6 %.

Høgre fossar fram

Partibarometeret er gjort gjennom telefonintervju 2.-3. april. 602 er spurte. Feilmarginen ligg frå 2 til 4 prosent alt etter storleiken til partia.

Målinga viser at høgrebølgja også sler inn i distrikta. Heile 29 prosent mot 12 prosent ved førre stortingsval kan no tenkje seg å røyste Høgre.

Det gjer stortingskandidat Bjørn Lødemel lukkeleg.

– Eg tykkjer det er heilt herleg. Vi er størst i Sogn og Fjordane, dette gir oss mykje inspirasjon fram mot valdagen. Det er då det store slaget står.

Frp slit med oppslutninga

Frank Willy Djuvik

FRP-LEIAR: Frank Willy Djuvik.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Målinga viser også at Arbeiderpartiet er stabile på 27 prosent, medan Frp slit i skuggen av Høgre med 8 prosent oppslutnad.

Det er ikkje fylkesleiar i Frp Frank Willy Djuvik nøgd med, han vil heller fokusere på at det no er borgarleg fleirtal i Sogn og Fjordane.

– Eit fleirtal som vil ha eit regjeringskifte. Då er det viktig å hugse på at det blir inga ny regjering, som satsar på veibygging, avbyråkratisering og verdige omsortstenester i kommunane, utan eit sterkt Frp etter valet.

Dårleg nyheit før landsmøtet

Framfor det viktige landsmøtet i heimfylket må altså Liv Signe Navarsete innsjå at veljarane også i senterpartiland ser ut til å vandre mot Høgre. Valkampen lokalt kan bli meir spennande enn fyrstekandidaten ynskjer.

– Då må eg spørje folk tilbake; kvifor går ein til Høgre? Det er ikkje slik at ein får får den politikken ein har i dag, pluss litt skattelette, og litt meir friheitsgrad i enkelte ting. Ein kjem til å miste veldig mykje av det vi har opparbeidd, og det blir ein annan retning i politikken.

Vi har ein jobb med å snakke med folk og fortelje kor viktig det er med eit sterkt senterparti i maktsentra. Der har vi vore i åtte år, og forvalta det på ein god måte.